Reineskarvet mars 1999 (31.03.1999)


Start point Lauvdalen (1,150m)
Characteristic Ski trip
Distance 25.0km
Vertical meters 800m
Map
Ascents Sørvest for Skoddenose (1,729m) 31.03.1999

Eg har brukt å vera nokre dagar på Lauvdalen kvar påske dei siste åra. Dette året vart ingen unntak i så måte. Når eg er der, er det alltid freistande å leggje ut på skiturar som blir noko
lengre enn skiturane brukar å vera. Denna dagen starta på Lauvdalen. Med det fine vêret bestemte eg meg for å gå nord skarvet. Kor eg skulle løype ned att, var ikkje heilt bestemt, men eg hadde svært lyst til å løype ned i Skålen. Det låg altså an til ein lang
dag ute.

Eg var ikkje svært tidleg ute, men eg hadde heller ingen hast til kvelden, og eg hadde med meg niste for ein heil dag ute. På turen oppover fjellbakkane merka eg raskt at det ville verte ein fin dag. Det vara ikkje lenge før eg måtte leggje meir klede ned i sekken. Ovanfor varden såg eg at eg ikkje kom til å vera fyrstemann på skarvet i dag. Nokre meter før toppen, høyrde eg eit lite smell, og det gjekk nokre stygge tankar gjennom skallen min då eg forstod at den eine skia var knekt. Hadde det ikkje stått to ungar ved varden, så hadde eg kome til å skrike ut nokre stygge ord også, men desse prøvde eg å seie litt lågt.

Eg gjekk dei siste metrane opp på toppen for å ha vore der, åt eit par brødskiver og starta på den seige turen ned att. Etter mange svingar og mange pauser var eg endeleg kome ned på Lauvdalen att. Der satte eg att sekken og byrja å stauke meg heimover. På flatmark og i ei ikkje altfor ustødig løype gjekk det ganske greitt.

Etter å ha funne ei heil ski med høveleg lengde heime, var eg klar for å reise til fjells att. Turen bortover att gjekk i mykje betre humør, sjølv om skiføret var prega av at det hadde vore ein lang og varm dag. Då eg var på Lauvdalen att, var det kveld. Den natta var ikkje temperaturen under frysepunktet, så snøen var valdig blaut dagen etter. Vêret var heller ikkje så fint lenger, så eit nytt forsøk på å gå nord skarvet vart ikkje aktuellt.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.