Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Facebook

Nordheia og Djupviknipa

Date:
19.04.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:08h
Distance:
4.0km
Map    

Templane

Date:
19.04.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:11h
Distance:
4.3km

Lett tur

Map    

Klepp, dagsturhytta Voss

Date:
18.04.2025
Characteristic:
Hike
Duration:
1:10h
Distance:
4.9km

Etter besøket til Fjordsyn i Vaksdal, vurderte vi om vi skulle besøke ei dagsturhytte til og kva dagsturhytte det evt. skulle være. Vi landa til slutt på Voss. Vi køyrte langt opp i lia frå Voss sentrum og vidare over på bomveg. Der var det mogleg å parkere i enden av denne vegen. Vegen opp til dagsturhytta var ei god blanding av steile bakkar og "heilt flatt". Men det var grusveg nesten heile vegen opp. Dei siste metrane var det lagt ut plankar. Fin plassering av hytta, sjølv om eg kanskje kunne tenkt meg litt meir utsikt.

Map    

Fjordsyn - dagsturhytta i Vaksdal

Date:
18.04.2025
Characteristic:
Hike
Duration:
1:06h
Distance:
3.3km

Etter ei natt på flotte hotel Sandven, bar det vidare til Vaksdal og dagsturhytta der. Vi parkerte ved badeplassen i Stanghelle og fulgte merkinga mot dagsturhytta. Litt sleipt vått i stien. Men hytta var fint plassert ikkje langt frå fjorden. Vi var absolutt ikkje aleine. Dette er ein av dei hyttene som har hatt mest besøk mens vi har vore der. Det ser ut til å være ei populær hytte.

Map    

Kvilekroken

Date:
17.04.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:31h
Distance:
5.5km

Etter å ha sjekka inn på hotellet, køyrte vi opp mot parkeringsplassen. Vegen opp til parkeringplassen er bomveg og relativt bratt oppover, så her anbefalast firhjulstrekk. Frå parkeringsplassen er det nokre bratte kneikar, men ellers greitt å gå. Siste stykket gjorde at vi var glade for å ha sko som tåler litt vatn. Fin plassering av dagsturhytta i Kvam.

Map    

Veslevardhytto

Date:
17.04.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:22h
Distance:
3.9km

Dagens andre tur gjekk til Fusa og Vetlavardhytto. Vi parkerte ved idrettsanlegget og fulgte god merking opp til hytta. Noko blautt i stien, men greitt å gå. Fin utsikt frå toppen.

Map    

Erstadfjellet og dagsturhytta Brakabu

Date:
17.04.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:28h
Distance:
9.9km

Dagens første dagsturhytte. Etter ei fin natt på hotell tok vi fatt på turen mot Osterøy og Brakabu. Vi parkerte i sentrum av Valestrandfossen og fulgte skiltinga oppover mot Brakabu. Først eit stykke på asfalt før vi kom over på sti. Greitt å gå, men enkelte stader var det litt blautt i stien. Stien var godt merka

Map    

Svistølen ++

Date:
16.04.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:31h
Distance:
5.7km

Oppdaga plutselig at Sletteholten var "oppgradert" og Helgåsheia var "degradert", så då blei det på jakt etter å fullføre Sunnfjord kommune si liste. Greitt å ta ein tur denne morgonen ettersom det kanskje blir ein roadtrip på meg og mannen i ettermiddag. Været er ikkje meldt så bra, så vi får sjå kvar vi endar.

Map    

Svanøy rundt

Date:
15.04.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:18h
Distance:
15.0km

Værmeldingane var faktisk ikkje så ille i dag. Tok sjansen på å besøke Svanøy og toppane der ute. Eg blei anbefalt å leige sykkel, men ettersom planen var å gå ruta over Storåsen og Kvalstadfjellet og vidare til Vågsfjellet, så slo eg det frå meg. Eg tok båten frå Florø kl 9:00 noko som er perfekt avreisetidspunkt. Litt blæst i starten av turen, men så kom sola og vinden løya. Det slo meg at sjølv om det er godt merka med sti, var det ingen sti direkte opp på høgste punkta på nokon av toppane. På Kvalstadfjellet var det til og med litt kranglig med buskene. Men utsikta frå Nobba og utsiktspunktet på Vågsfjellet var ingen ting å sei på. Hadde tydelegvis veldig god tid for då eg kom ned til Svanøybukt hadde eg vel omlag ein time eg kunne kose meg i sola på.

Map    

Gjota

Date:
14.04.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:45h
Distance:
4.0km

Map