Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Facebook

Midtbøfjellet

Date:
29.03.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
0:38h
Distance:
1.9km

Etter turen på Veten var eg ikkje heilt klar for heimreise. Så då blei det ein rask tur opp til Midtbøfjellet også. Stien er bratt, men grei å gå.

Map    

Veten, Byrknesøy

Date:
29.03.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:23h
Distance:
8.1km

Eg og mannen tok oss tur til Gulen og Byrknesøy denne langfredagen. Vi skulle følge ruta som var beskrive på ut.no til Veten og parkerte ved parkeringsplassen. Vi starta oppstiginga og ante at dette var ein blautare sti enn eg hadde trudd. På toppen av Veten oppdaga vi at dei fleste gjekk opp ein heilt anna plass enn det som var beskrive på ut.no. Vi tok sjansen og fulgte den nedatt. Denne stien var mykje tørrare og finare enn ruta vi gjekk opp. Anbefaler difor sterkt å køyre til Gråvikvegen og parkere på ei parkeringslomme lenger sør. Då vil du spare deg for mykje blautmyr.

Map    

Nordevikstølen og Heiane

Date:
28.03.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:55h
Distance:
7.4km

Tenkte eg skulle prøve ut ruta som Indre Sunnfjord turlag hadde som ein av titurane i fjor. Heilt OK tur opp til Nordevikstølen og vidare til Nordevikstølsvatnet. Men ikkje så imponerande utsikt. Eg tok opp i lia vest for Nordevikstølsvatnet, der var det eit tråkk og nokre merker her og der. I underkant av ein km opp til toppen var det mykje betre utsikt. Eg reknar med at dei fleste kanskje hadde hatt betre glede av denne utsikta enn den nede ved vatnet.

Map    

Hornkollen

Date:
26.03.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
0:44h
Distance:
1.8km

Dagens tredje tur og fjerde topp. Vi parkerte på fergekaia og eg gjekk eit lite stykke bortover gjørme før eg fulgte eit tråkk oppover. Kort tur.

Map    

Rønelden og Trollehola

Date:
26.03.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:56h
Distance:
8.6km

Etter ein liten rast etter turen på Rauddalsegga og Krabbestigheida, bar det vidare til Husevåg og parkerte bilen omtrent der skulehuset ligg. Vi fulgte merka rute opp mot Rønelden. Litt blautare sti enn førre tur, men ikkje fullt så bratt. Litt klyving siste stykket før toppen, her var det lagt ut tau, så det var greitt å komme seg opp. Flott utsikt blandt anna mot Klovningen. Etter å ha gått ned frå toppen gjekk vi vidare til den meir eller mindre kjente Trollehola. Fint å gå, sjølv om det var noko blautt i terrenget. Flott å sjå denne hola i fjellet.

Map    

Raudalsegga og Krabbestigheia

Date:
26.03.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:53h
Distance:
4.4km

Vi starta tidleg om morgonen for å rekke ferga frå Oldeide kl 09:10 og på den måten få mest mogleg ut av dagen. Vi køyrte Krabbestigvegen fram til ei grind og gjennom grinda for så å parkere rett ved der vi skulle starte. Ei av dei som har hytte på den sida fortalt kor vi skulle starte og at det ikkje var noko problem å stå der vi stod. Ho forklarte også at det var merka heilt opp til Rauddalsegga og til Krebbestigheida. Vi fulgte merka rute opp skaret og tok til venstre der vi såg det naturleg. Vi oppdaga at stien gjekk litt annleis enn det vi gjekk frå skaret og opp, men det var heilt greitt å gå der. Frå Rauddalsegga gjekk vi ned mot skaret samme ruta som vi gjekk opp og fulgte merking vidare til Krabbestigsheida. Bratt opp, men heilt greitt å gå. Fin start på dagens toppturjakt >>>

Map    

Toreheia

Date:
25.03.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:46h
Distance:
13.4km

Etter gårsdagens skitur var det behov for ein tur på barmark. Eg tok sjansen på at Torheia var lite snø, sjølv om det kunne sjå ut til at det var litt frå Flokenessida. Tørt og fint stort sett heile vegen. Litt snø på toppen, som var så hard at det var lett å gå på den utan å søkke ned i. Eg tok ruta via Yndestadhøgeheia og angra ikkje. Veldig fint å gå, sjølv om eg tykkjer det var litt luftig å gå heilt ut på kanten, så eg holdt meg godt innafor. Fekk meg ein fin matpause på Toppen av Toreheia, det var det vindstille og bra temperatur frå sola. Etter pausen sikta eg meg inn på Skylefjellet og vidare mot Blåfjellet. Retur via ein meir eller mindre tydeleg sti til eg kom tilbake til stien som gjekk opp til Skylefjellet. Absolutt ein prima tur.

Map    

Kvammen og omegn

Date:
23.03.2024
Characteristic:
Hike
Duration:
0:39h
Distance:
2.3km

Eg og søsteren fann ut at været var betre enn meldingane. Så då blei det kortare turar i Kvammenområdet. Først ein tur til Kvernhusvatnet og Lindelivatnet ved Skrovemarkja. Opp til Kverhusvatnet var det heilt OK å gå. Tørt og fint. Men når vi skulle følge stien vidare til Lindelivatnet vart det verre. Skikkelig myrterreng, så vi vart ganske fornøgde med skovalet tross alt. Det er uansett veldig begrensa kor mykje vatn eit par sko kan halde ute. Turen vart relativt kort, så då blei det ein bonustur til Ålahøgda og Storehaugen. Ikkje så godt merka sti, men vi fann ein sti til slutt. Vi prøvde å finne ei anna rute ned for å unngå invasjon av private hagar. Etter nokre minutt i det vi trudde var ein anna sti, fann vi tilbake til den rette stien. Deretter ned på ein ny veg >>>

Map    

Våt tur til Gytta

Date:
22.03.2024
Characteristic:
Hike
Duration:
0:36h
Distance:
2.1km

Søsteren ringte for å høyre om eg ville være med ein tur til Gytta etter styrkeøkta. Som oftast er det eg som dreg ho med på tur, men denne gongen var det ho som spurte og då må eg nesten takke ja, sjølv om været ikkje akkurat er det beste. Det vart ein serdeles våt tur til Gytta. Men som det heiter: du angrer aldri på ein tur. Gytta er tross alt ein fin tur dersom været ikkje er det beste.

Map    

Skjerveholten - skogstur med utsikt

Date:
19.03.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
0:40h
Distance:
2.2km

Det var meldt regn i dag. Og nokre dropar kom då vi køyrde frå jobb. Men ikkje ein drope frå oven då vi gjekk på turen. Faktisk ganske så fint å gå.

Map