Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Other winter trip (102)
- Snowshoe trip (102)
-
Ski trip (63)
- Backcountry skiing (38)
- Cross-country skiing (25)
- Trip by foot (1879)
Nordheia
- Date:
- 30.03.2020
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 0:48h
- Distance:
- 3.8km
Brandsøyåsen
- Date:
- 28.03.2020
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 0:59h
- Distance:
- 3.7km
Når sønnen vil ut å lærekøyre litt lenger enn til jobb, så greip eg sjansen å tok han med på tur til Florø. Resultatet var at han fekk lærekøyre og eg fekk dra med minstemann på tur på Brandsøyåsen. Sjølv om eg ikkje akkurat kan kalle han minst lenger, då eg er vel blitt den minste i familien.
Ny tur til Gytta
- Date:
- 27.03.2020
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 0:40h
- Distance:
- 2.2km
Ein kjapp tur etter heimekontor. Fint med slike turmål innimellom.
På nye stiar til Bergumstølen
- Date:
- 26.03.2020
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 1:57h
- Distance:
- 3.2km
Turmålet var eigentleg Gapahuken, men etter ei lita vurdering, fann vi ut at det kunne være kjekt å sjå Bergumsstølen. Og vurderinga vidare var å ta sjansen på stien nedatt til Hundvebakke. Litt glatte parti, men vi kom oss heilskinna ned.
Gytta i regnværet
- Date:
- 25.03.2020
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 0:40h
- Distance:
- 2.2km
Ein tur i sludd og regn. Godt å ha turar i skogen som gjer at det ikkje vert for ille
Søstrene på Gytta
- Date:
- 24.03.2020
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 0:45h
- Distance:
- 2.2km
I total mangel på andre aktiviteter, er det greitt å få me søsteren på nærturar i Førde på ettermiddagen.
Kalsetvatnet og Halbrendsstølen
- Date:
- 23.03.2020
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 2:18h
- Distance:
- 8.3km
Vi hadde eigentleg tenkt oss "berre" til Halbrensstølen. Men sjekka forholda vidare med tanke på om snøen kunne bære oss. Og det gjorde den i alle fall nesten. Eg må innrømme det kom eit par gloser dei gongane eg gjekk gjennom. Eg fann i alle fall ut at det hadde vore greitt å ta på gamasjar. Noko eg ikkje gjorde denne gongen. Urutinert av meg. Uansett: godt å komme seg ut i desse dagar.
Hafstadstølen
- Date:
- 19.03.2020
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 2:09h
- Distance:
- 7.6km
Tur etter jobb. Endeleg såg det an til å bli ein ettermiddag med finvær. Litt kaving gjennom snøen det siste stykket opp til stølshusa på Hafstadstølen
Gapahuken ved Eventyrstien
- Date:
- 15.03.2020
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 1:44h
- Distance:
- 2.5km
Ikkje det beste været denne dagen. Men det gjer ikkje noko då turen går i skog og vi kan kvile i Gapahuken. Kjekt med sånne kvileplassar med utsikt.
Baksing til Buskefjellet
- Date:
- 14.03.2020
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 0:57h
- Distance:
- 1.4km
Eg hadde bestemt meg for "ein kjapp tur" ekstra utover Høgeskolten/Granefjellet, for å fullføre toppane på Atløy. Etter det eg kunne sjå, var det grei skuring, sidan toppen er så liten. Men som eg har erfart tidlegare, så er ikkje det nødvendigvis at dei minste toppane er dei enklaste å bestige. Eg lokka til og med turfølget mitt med på "ekspedisjon". Det var ingen tydelig sti, så det er sannsynleg at dette ikkje er ein topp mange vel å bestige. Eg trur nesten ikkje lokalbefolkinga veit om denne toppen. (Eg veit om minst 1 som kjem under den kategorien). Vi lurte på å velje "skaret", men utan tydeleg sti og visste vi ikkje om vi kunne gå der. Vi valte med andre ord ikkje "skaret" på veg opp, men på veg nedatt. Vi kan vel sei det kom >>>
