Schiefloefurua

Name Schiefloefurua
Search name Schiefloefurua
Type Cultural monument
Elevation 415 meter
Region Steinkjer
Parent regions Europe, Norway, Norway mainland, Trøndelag
Adviser admin (Administrator)
Last modification 24.05.2018
Coordinates 32V 641149 7091322 (UTM)
Map Show object on map
Content
Language
Adviser none
Statistics

Register visit of Schiefloefurua.

One member has registered one visit of Schiefloefurua.

Mellom Lauvvatnet og Sandtjønna i Ogndalsfjella står det ei gammel furu med inskripsjonen «O.P.S.S. 29de apr. 1782». Dette gjer furua meir interessant og verneverdig enn dei fleste andre furuer i kommunen. Initialane tilhøyrer Ole Pedersen Schiefloe, gardbrukar på Mokk og stiger ved Gaulstad og Mokk kobbergruver. Etter at gruvedrifta vart lagt ned omkring 1780, tok han over heimgarden til kona Berit Olsdatter, som kom frå Sem Øvre ved Leksdalsvatnet i Sparbu. Våren 1782 dro dei frå Mokk. Skareføret var sterkt, så dei tok sjansen på å dra over fjellet. Berit var gravid i femte månad, fem små barn i alderen to til åtte år, tenarar, husdyr og husgeråd hadde dei òg med. Undervegs rasta og overnatta dei ved furua. Vi må rekne med at det var stor spenning knytta til neste dags føre, når Ole rissa inn den kjende inskripsjonen. Til alt hell heldt føret, og heile reisefølgjet kom heilskinna til Sem.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text: