Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Facebook

Skarven og Bjørnskarven

Date:
18.07.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:57h
Distance:
15.1km

Det vart desse to toppane i dag. God sti til Skarven og fin utsikt i fleire retningar. Ingen sti til Bjørnskarven frå denne sida, og det ser ut til å vere ein lite besøkt topp, men med god utsikt. Turen gjekk i stor grad gjennom naturreservat, og det er fint å sjå korleis naturen her utviklar seg utan påverknad frå oss menneske. Møtte også to elgar og ein rein, med delvis unntak av reinen rakk eg ikkje å fotografere før dei rømte, skulle tru dei hadde fanden i hælane :). For andre som vil ta tilsvarande tur, er det best å ta det vestlege sporet mot Bjørnskarven

Map    

Gruvkletten og Triklokkhøa

Date:
15.07.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:53h
Distance:
8.5km

To nye toppar i Einunndalen i Folldal. Det er merka sti ("Byvegen") oppover mellom Triklokkhøa og Einunndalen. Denne er godt merka, men ikkje mange som har gått her så langt, då det nesten ikkje er trakka sti her. Mest sti var det på turen ned frå Triklokkhøa. Det vart ein fin og vellukka tur i godt vêr.

Map    

Bølhøgda

Date:
03.07.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:44h
Distance:
13.1km

Fin tur til ny topp i dag. Varmt og godt, både folk og sauer var ute og gjekk i fineveret. Mesteparten av turen gjekk på god sti / ATV-spor, medan siste oppstigning bar preg av at Bølhøgda ikkje har veldig mykje besøk, her var det litt diffust med sti / sauetrakk oppover.

Map    

Start topptursesong til beins - tur 1

Date:
30.05.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:16h
Distance:
3.8km

Fin og varm tur. Ut frå mangel på sti og spor etter ferdsel, går det fram at Finndalshaugen ikkje er veldig godt besøkt. Kanskje ikkje så rart, då det er godt utval av andre og høgare toppar i nærleiken. Det er eit betre val å gå sporet nedover enn sporet oppover.

Map    

Start topptursesong til beins - tur 2

Date:
30.05.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:21h
Distance:
6.1km

Neste topp baud på atskillig meir utsikt enn Finndalshaugen tidlegare på dagen. God sti var det og, men eg rota litt i starten, så stisporet oppover er i starten berre tull, nedoversporet er å foretrekke. Neste topp var Storhaugen, der det ikkje gjekk sti siste del opp mot toppen. Men eit stispor frå nord mot toppen antyder at det er meir vanleg å "bestige" toppen frå denne sida. Då er 41 av 58 toppar i Gausdal unnagjort.

Map    

Åborsjøkampen

Date:
22.11.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
0:49h
Distance:
2.2km
Map    

Bølåsen

Date:
22.11.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
0:33h
Distance:
1.6km
Map    

Kyrkjegardsfjellet

Date:
22.11.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
0:28h
Distance:
1.8km
Map    

Skjellingshovdane

Date:
07.11.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:28h
Distance:
10.4km

Då har det store skjedd. Full toppsamling i Nordre Land :) Turen gjekk først på god sti til Store Skjellingshovde, i fin skogsnatur. Ikkje særleg utsikt frå toppen, men for dei som vågar seg opp i tårnet der, er det håp :) Tilbaketur på sti før eg knalla mot Vesle Skjellingshovde. Litt ulogiske namn på desse toppane, då Vesle Skjellingshovde er størst! Det var lite sti her, så her måtte ein berre knalle over myrar og gjennom skog. Det var heller ikkje nokon klar sti frå Vesle Skjellingshovde og ned att.

Map    

Lenningshøgda

Date:
18.10.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
0:12h
Distance:
0.7km

Snartur til Lenningshøgda, var ikkje mange minuttane opp dit. Moderne hytteutbygging har gjort enkelte toppar lett tilgjengelege. Turen fungerte også som oppvarming til den høgare Djuptjernkampen.

Map