Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Tour (2)
- Expedition (2)
-
Fahrzeugtour (1)
- Autotour (1)
-
Fußtour (477)
- Bergtour (209)
- Jogging (4)
- Spaziergang (1)
- Wanderung (247)
-
Skitour (258)
- Langlauf (176)
- Tourenskilauf (73)
Start topptursesong til beins - tur 2
- Datum:
- 30.05.2021
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 2:21h
- Entfernung:
- 6,1km
Neste topp baud på atskillig meir utsikt enn Finndalshaugen tidlegare på dagen. God sti var det og, men eg rota litt i starten, så stisporet oppover er i starten berre tull, nedoversporet er å foretrekke.
Neste topp var Storhaugen, der det ikkje gjekk sti siste del opp mot toppen. Men eit stispor frå nord mot toppen antyder at det er meir vanleg å "bestige" toppen frå denne sida.
Då er 41 av 58 toppar i Gausdal unnagjort.
Kyrkjegardsfjellet
- Datum:
- 22.11.2020
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 0:28h
- Entfernung:
- 1,8km
Skjellingshovdane
- Datum:
- 07.11.2020
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 3:28h
- Entfernung:
- 10,4km
Då har det store skjedd. Full toppsamling i Nordre Land :)
Turen gjekk først på god sti til Store Skjellingshovde, i fin skogsnatur. Ikkje særleg utsikt frå toppen, men for dei som vågar seg opp i tårnet der, er det håp :)
Tilbaketur på sti før eg knalla mot Vesle Skjellingshovde. Litt ulogiske namn på desse toppane, då Vesle Skjellingshovde er størst! Det var lite sti her, så her måtte ein berre knalle over myrar og gjennom skog. Det var heller ikkje nokon klar sti frå Vesle Skjellingshovde og ned att.
Djuptjernkampen
- Datum:
- 18.10.2020
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 3:28h
- Entfernung:
- 11,0km
Så var det den lett mektige Djuptjernkampen som stod for tur.
God og i stor grad oppmerka sti heile vegen. Møtte fleire folk på turen som var ute og nytte det fine (og litt vindfulle) haustvêret. Fin natur og fin utsikt på store delar av turen.
Lenningshøgda
- Datum:
- 18.10.2020
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 0:12h
- Entfernung:
- 0,7km
Snartur til Lenningshøgda, var ikkje mange minuttane opp dit. Moderne hytteutbygging har gjort enkelte toppar lett tilgjengelege.
Turen fungerte også som oppvarming til den høgare Djuptjernkampen.
Druktjørnhaugen og Søre Suluhø
- Datum:
- 19.09.2020
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 2:46h
- Entfernung:
- 8,2km
Etter å ha vore på Storhaugen, var turen komen til desse to toppane.
Fin tur som gjekk på blanding av sti og "av-sti". Fine haustfargar, bart fjellterreng, gul bjørkeskog, forholdsvis tørre myrar, ja det var ikkje måte på kor bra denne turen vart.
Storhaugen
- Datum:
- 19.09.2020
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 0:45h
- Entfernung:
- 2,1km
Dagens første topp i Langsua nasjonalpark vart Storhaugen. I eit fantastisk haustver gjekk denne turen.
Alle tre Røssjøkollane
- Datum:
- 23.08.2020
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 3:48h
- Entfernung:
- 11,8km
Fekk tatt ein rundtur her i dag. Gode stiar og lett å gå. Vart meir regn enn eg hadde berekna, så eg vart våt på turen ned.
Fin utsikt i frå samtlege toppar, og fint terreng å gå i.