Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Facebook

Skriverhaugen

Date:
02.11.2025
Characteristic:
Hike
Distance:
4.4km

Dagens tredje topp kunne by på fin natur opp, merka sti heile vegen, og forholdsvis god utsikt frå toppen. Turen og toppen var høgdepunktet blant dei fire toppane eg gjekk på i dag.Det var varierande myrterreng og skog, og ekstra blautt i terrenget var det nok på grunn av kraftig regnvêr dagen før og helga før.

Map    

Sollihøgda - utsiktstopp med lite besøk

Date:
02.11.2025
Characteristic:
Hike
Distance:
0.9km

Dagens andre topp var ein liten avstikkar frå hyttefelt i Jenssvea. Det gjekk ein delvis tydeleg sti oppover, med ein liten avstikkar mot toppen. Toppen har bra utsikt, men verkar ikkje til å ha mykje besøk.

Map    

Sæterhaugen

Date:
02.11.2025
Characteristic:
Hike
Distance:
1.3km

Dagens første topp var Sæterhaugen. Kort veg frå snuplassen nord for toppen. Fin sti gjennom skogen. Vått i terrenget etter gårsdagens regnvêr. Ut frå toppbeskrivelse m.m. kunne det sjå ut til at det gjekk greitt å køyre til snuplassen så lenge bommen var open. Det var ein liten øvelse. Standarden begynte sånn toleleg bra, så eg køyrde på med optimisme, men vegen vart gradvis dårlegare oppover med djupe hjulspor og greiner som stakk ut i vegen. Anbefalar altså ikkje bil opp, så sant den ikkje er høg i underkant.

Map    

Nordre Romsæterberget og Grasberget

Date:
08.06.2025
Characteristic:
Hike
Distance:
4.2km

Dagens topputflukt vart avslutta med desse to toppane. Her var det merka sti heile vegen. Stadvis våt, noko som gjerne hadde samanheng med at det hadde regna nokså heftig siste dagane. Fredag og laurdag kom det faktisk 55 mm tilsaman! Oppdaga i etterkant at eg kunne jo tatt ein annan og kortare sti tilbake frå Grasberget. Men då fekk eg litt meir trim :)

Map    

Finnhøgda

Date:
08.06.2025
Characteristic:
Hike
Distance:
2.1km

Tur til Finnhøgda. Turen gjekk langs sti, som hadde trengt litt "kjærlighet". Den var brukbar til å begynne, men vart gradvis meir eller mindre borte. Turen gjekk i til dels tett skog. Forholdsvis ope på toppen. Begge bilda under er frå toppen.

Map    

Brennhaugen

Date:
08.06.2025
Characteristic:
Hike
Distance:
0.8km

Dagens første topp. Forholdsvis kort veg frå der eg parkerte, men bratt og vått terreng utan sti, med til dels tett granskog, gjorde turen opp krevjande. På toppen var det meir ope. Dette er nok ingen godt besøkt topp, men det var nokon (på Peakbook?) som hadde tatt seg bryet med å lage ein liten varde her. Bilda under er frå toppen.

Map    

Korpberget

Date:
04.05.2025
Characteristic:
Hike
Distance:
2.3km

Dagens fjerde og siste topp var Korpberget. Denne bar også preg av at få gjekk på tur hit. Med tanke på at dette kanskje var turen med det mest varierte og spennande terrenget, er det litt rart at ikkje denne blir oppsøkt meir, særleg med tanke på at det er skilta tur langs skogsvegen eg starta langs. På vegen ned vart det til dels litt klyving, og ein vestlending som har gått mange toppturar i Bergen og omegn, følte seg plutseleg endå meir heime :)

Map    

Finnberget

Date:
04.05.2025
Characteristic:
Hike
Distance:
1.3km

Finnberget var dagens tredje topp, som var blant fleire i Stange med tydelegvis lite besøk. Turen gjekk gjennom blanding av tett skog, hogstfelt m.m. Sjølve området på toppen var utan utsikt, men elles ganske fin furuskog. Området hadde fortent meir besøk. Det blåste, og det knaka godt i vindskeive tre på veg ned, så det var enkelte parti som var greitt å gå fort forbi.

Map    

Topphøgda

Date:
04.05.2025
Characteristic:
Hike
Distance:
3.7km

Turen starta frå fylkesvegen og gjekk sørover langs veg, der det stod strenge skilt om at stolpejegerar ikkje kan køyre inn. No var eg i dag strengt tatt ikkje stolpejeger, men toppsamling går kanskje litt for det same, så eg tok oppmodinga om å gå herifrå. Eg knalla opp gjennom til dels gjengrodd traktorveg opp mot toppunktet frå nord. Ned att gjekk eg langs ein meir definert sti før eg kom ned til vegen igjen. Av dagens fire toppar i Stange var dette einaste som bar preg av å få litt besøk av og til.

Map    

Sørstuåsen

Date:
04.05.2025
Characteristic:
Hike
Distance:
1.7km

Dagens første topp hadde lite utsikt og tydelegvis lite besøk. Bildet under viser korleis det såg ut på toppen. Men kva gjer ein ikkje for å få eit nytt toppunkt i lista :) Det gjekk ingen sti opp til sjølve toppunktet, etter det eg kunne sjå. Det ser ut som at tilnærma like høge toppunkt få hundre meter nord er meir attraktive i utsikt, historie m.m. Turen gjekk elles langs turveg til avstikkar mot toppen.

Map