Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Tour (2)
- Expedition (2)
-
Fahrzeugtour (1)
- Autotour (1)
-
Fußtour (481)
- Bergtour (213)
- Jogging (4)
- Spaziergang (1)
- Wanderung (247)
-
Skitour (258)
- Langlauf (176)
- Tourenskilauf (73)
Hesttjernberga
- Datum:
- 28.05.2017
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Entfernung:
- 5,5km
Fin topptur. Turen gjekk på god sti fram til Bemmerudsetra, så gjennom skog før vi kom på ein ny grusveg. Opp til sjølve toppen var det lite eller ingen sti. Tydeleg at dette er ein topp utan mykje besøk. Til å vere ein slik topp, var utsikten ganske bra.
Gjekk ein "snarveg" ned att, som hadde lite sti. Det går ein sti langs Svartvatnet, men det var tydeleg at denne ikkje hadde mykje besøk.
Snøåsen
- Datum:
- 28.05.2017
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Entfernung:
- 6,3km
Fin tur til Snøåsen. Først skogsveg, deretter blaute restar av traktorveg, så delvis sti. På nedturen unngjekk eg det blautaste terrenget, men det vart noko meir smyging innimellom tre.
Med litt meir tilrettelegging og litt hogst på toppen, har dette potensiale til å bli ein ganske OK topptur.
Fuglbakken
- Datum:
- 23.05.2017
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Entfernung:
- 6,8km
Tur til Fuglbakken. Turen gjekk opp langs skogsveg som låg fint i terrenget. Rett før toppen tok eg av ein sti og så ikkje sti. Litt buskas og myrtrakking for å kome til toppen, men eg kom opp :). Erfaringsmessig brukar slike toppunkt å vere skogdekt, men her har det vore hogst få år tilbake, med flott utsikt frå toppen. Nesten rart det ikkje går fleire her (lite spor/ingen sti opp mot toppen), tatt i betraktning utsikten.
Ned att gjekk eg delvis same veg, men fann ein sti som var skilta med "Tur 19" ned mot bilen.
Topptur i Åsnes
- Datum:
- 16.10.2016
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Entfernung:
- 7,1km
Først tur til Linberget. Turen gjekk på skogsbilveg først, deretter vart det knalla inn i skogen i tett granskog og hogstfelt med høgt gras. Ein relativt strabasiøs tur som ein vel må vere peakbookar for å føreta seg. Lengd: 3,7 km tur-retur.Terningkast: 1.
Deretter tur til det eg trudde var Storgråberget på 586 m.o.h., ikkje minst sidan det stod Storgråberget på 1:50 000-kart. Her vart eg nok lurt, må sjå nøyare på peakbook-kartet neste gong. Til gjengjeld var denne toppen, som ikkje var blant mine mål, faktisk den finaste av dagens turmål, med fin utsikt oppe i tårnet, og fin blåmerka sti til toppen. Eg prøvde å registrere den som ein topp med primærfaktor på 50 meter, men "fekk ikkje lov", då denne er registrert rett ved sidan av som hytte/naudly. Lengd: >>>