Archive - Date
Archive - Activity
-
Drive (1)
- Car drive (1)
-
Other trip (2)
- Expedition (2)
-
Ski trip (258)
- Backcountry skiing (73)
- Cross-country skiing (176)
- Trip by foot (473)
Strutsberget
- Date:
- 31.05.2020
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 2:06h
- Distance:
- 5.7km
Denne turen gjekk til Strutsberget. Trass i namnet møtte eg ingen strutsar på toppen.
Turen går delvis langs Prestvegen, som visstnok skal vere frå den gangen Sollia i Atndalen tilhøyrde Ringebu prestegjeld. Her er det til dels god sti, men viktig med godt kart når ein skal finne fram likevel. Frå stien omlag ved 740 m.o.h. tok eg av mot Strutsberget, her gjekk ikkje det noko tydeleg sti oppover.
Fin furuskog og fleire sandsteinsbenkar å forsere på veg opp. Ikkje veldig god sti antydar at denne "bynære" toppen neppe er blant dei mest besøkte i Ringebu.
Ormhøgda
- Date:
- 13.10.2019
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 0.7km
Siste topp i dag. Det gjekk ikkje tydeleg sti her, men heftig blåmerking indikerer at her er det meininga at folk skal gå på tur! Skulle nesten tru at det var ein peakbookar som hadde gjort dugnad med å markere sti til toppen.
Kråkhuguknatten
- Date:
- 13.10.2019
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 1:28h
- Distance:
- 4.1km
Dagens mellomste topp. Følgde sti oppover, men denne gjekk ikkje direkte mot toppen, så eg knalla over ei myr. Her kom eg inn på ein ny merka sti, men også her måtte eg gå av merka sti for å kome mot toppen. Det var gjort forsøk på noko merking oppover, men det har ikkje lukkast å bli noko klar sti der, etter det eg kunne sjå.
Det var skodde på toppen, men ut frå det eg kunne sjå, er det nok fin utsikt mot nordaust, frå toppen.
Blanding av sti og ikkje-sti på veg ned att.
Åvellhaugen
- Date:
- 06.10.2019
- Characteristic:
- Hike
- Distance:
- 4.2km
Fin tur til Åvellhaugen, der Helselaget har sørga for framragande merking heile vegen heilt til topps. Turen gjekk først på veg på grunn av stengt bom, før sti tok av mot nordaust.
Usikker på kvaliteten av GPS-sporet, då det ser ut som eg gjekk ulike stiar på fram- og tilbaketuren. Men eg gjekk no langs same stien.
UTM-rutetur Lillehammer
- Date:
- 15.09.2019
- Characteristic:
- Hike
- Distance:
- 4.9km
Antatt nest siste UTM-rute i Lillehammer er eit faktum med denne turen.