Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Tour (2)
- Expedition (2)
-
Fahrzeugtour (1)
- Autotour (1)
-
Fußtour (473)
- Bergtour (205)
- Jogging (4)
- Spaziergang (1)
- Wanderung (247)
-
Skitour (258)
- Langlauf (176)
- Tourenskilauf (73)
Staurinibba og Sundshyrna
- Datum:
- 14.07.2017
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 13,5km
Fin tur med Henning frå toppstasjonen av ny gondol i Loen.
God sti opp til Staurinibba. Mange folk her, truleg har toppen fått ein kraftig auke i popularitet som følgje av gondolen.
Så gjekk turen vidare til Sundshyrna. Her er det ikkje sti. Det var mykje snø, og litt tungt å gå oppover. Såg austover mot Storskredfjellet, her er det gode muligheter for å fortsetje tinderangling med fleire toppar mot Storskredfjellet.
Fint på toppen av Sundshyrna, før turen gjekk vidare nedover mot Strynedalen. I overkant av Lundesetra, kring 800 m.o.h., kom vi inn på stien Stauri - Staurinibba.
Turen enda på Gjørva i Strynedalen, underteiknas heimstad frå barndommen og ungdommen.
Ljøsbakken
- Datum:
- 10.07.2017
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Entfernung:
- 5,9km
Tur til Ljøsbakken + ein ekstra "topp" eg ikkje fekk registrert pga tett nærleik til Ljøsbakken.
Trass i at desse toppunkta truleg neppe er veldig populære å besøke, var det ein ganske god sti heilt opp til cirka 600 m.o.h. Denne er merka som Tur 19, og ser ut til å fortsetje vidare sørover forbi Ljøsbakken. For andre interesserte vil eg derfor anbefale denne løypa eg gjekk.
Oppsetåsen
- Datum:
- 08.07.2017
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Entfernung:
- 7,1km