Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Urddalsknuten

Date:
31.03.2022
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
9:30h

Parkerte litt nedanfor innkjørselen til Lyngsvatnet. Ikkje brøyta opp til demningen, men snøskuterspor. Gjekk over Lyngsvatnet til litt forbi Lyngsneset. Derfrå opp den bratte sørsida til Skurveheia som hadde soltint snø. Hard snø ellers. Vidare austover til Horten. Så ned til Middagstjørna og vestover i sørsida av Urddalsknuten. Satte frå meg ski og gjekk opp til fots i passelig hard snø. Så ned igjen til Lyngsvatnet ved Ruveneset og tilbake til hoveddammen.

Map    

Høgeknubben

Date:
10.11.2020
Map    

Oddaheia

Date:
11.10.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
12:00h

For tida åpen veg med god standard frå Lysebotn til Nilsebudammen. Fulgte T-sti skilta mot Grasdalen langs vestsida av Nilsebuvatnet og Storhillervatnet og vidare nordover. Stien langs Storhillervatnet er nymerka og ennå lite synlig i terrenget. Ellers god sti. Sør for Brokadalstjørna gjer stien ein sving vestover, og der forlot eg stien og fortsatte rett fram langs høgspenttraseen på austsida av Brokadalstjørna. Runda tjørna i nordenden og gjekk over dei namnlause toppane mellom Brokadalstjørna og Futevatnet. Denne 910-toppen (913 på dei fleste kart) var tidligare usikker, men nye detaljkart med 1 m-koter i 2020 viser at den er pf 100. Vidare austover til tjern 881, langs vestida av dette og så over til austsida av tjern 855. Her var det bratte og skumle svaberg med utsatt klyving, >>>

Map    

Iglandsklubbafjellet

Date:
28.03.2020
Characteristic:
Backcountry skiing
Map    

Bukkatofjellet og nabotopper

Date:
06.10.2019
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
9:15h

Fulgte T-stien mot Stakken nordover til Storhillervatnet der eg gjekk ut i terrenget og over ei bru over utløpsånå og så opp vestryggen over fleire namnlause topper til Bukkatofjellet. Flott utsikt i alle retninger. Gjekk så nord- og vestover over 1070 og 1008 til Oddaheia 1011. Så ryggen sørvestover over 987 til Borgåsen. Ned søraustryggen og så inn på T-stien tilbake til Nilsebudammen. Sidan dette var sundag var det ingen helikoptertrafikk i fbm bygging av ny høgspentlinje mellom Lysebotn og Førrebotn. Det er støypt nye mastefundamenter parallellt med den gamle linja som etter det eg forstår skal rives. Turer med same utgangspunkt til Kråkehorten dagen før, og til Heiafjellet og Storekleggen dagen etter.

Map    

Kråkehorten

Date:
05.10.2019
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:00h

Fulgte stien mot Stakken eit lite stykke og gjekk så ut i terrenget vestover over den namnlause 880-toppen og vidare opp på Langåsen. Så sørover på lettgått snaufjell til Kråkehorten. Skal ifølge kartet vere trigpunkt på toppen, men såg hverken jernbolt eller trerester, men det er ein halvstor varde. Gjekk ned austover over 919 og 854 og langs sørsida av utløpsånå frå Tjørnastølstjørna. Kom då ned til eit anleggsområde/ lagerplass i nordenden av Breiavatnet. Så på veg siste korte stykket tilbake til Nilsebudammen. Tur til Bukkatofjellet og nabotopper dagen etter. Det bygges i perioden 2018-2021 ny 420 kV høgspentlinje mellom Lysebotn og Sauda så det er derfor anleggstrafikk med bl.a betongbiler på vegen mellom Lysebotn og Nilsebudammen. Helikopter brukes for å frakte betong ut i felten til støyping >>>

Map    

Stutaryggen og Høyversknuten

Date:
01.03.2019
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
10:15h

Fulgte T-merka rute mot Trodla-Tysdal. Det er grusveg av litt ymse standard dei første 2 km så eg sykla på. Vidare på tydelig sti opp gjennom skogen til toppen av skaret mellom Kløv og Helgaland. Litt ned på sørsida er det stidele og eg fulgte umerka men god sti austover mot Djupadal. Frå brua over ånå gjekk eg opp den nordvendte fjellsida til det store platået på Himraheia. Lite snø etter ein uvanlig varm februar, men frost siste døgn så snøen var fast og fin å gå på til fots. Gjekk austover Stutaryggen til toppen på ca 862 m. Kartet har oppført høyde på 856 m på trigpunkt. Sjølve toppen ligger snaut 100 m lenger vest og har 860-kote på kartet. Detaljkart oppgjer namnet Nordstjerneknuten, men har ingen oppgitt høyde. Anslår toppen til å vere minst 6 m høgare enn >>>

Map    

Iglandsklubbafjellet

Date:
28.02.2019
Characteristic:
Hike

Gjekk over Litla Sandvatnet og opp den bratte austryggen ved Klubben. Dette er ikkje enklaste rute opp for det er litt klyving i bratt svaberg. Lite snø igjen etter ein uvanlig varm februar, men litt frost i nått så det var gode fotturforhold på fast snø. Gjekk ned nordover og ut på vestre del av Lyngsvatnet og i land i ved damningen i vestenden. Midtre del har ikkje islagt seg heilt i vinter slik det pleier. Vegen opp til demningen var snøfri bortsett frå ein plass nedanfor messa. Stor kontrast til fjoråret då Songesandvegen var stengt i februar pga mykje snø.

Map    

Døvikhammaren og Krossnesheia

Date:
12.11.2018
Characteristic:
Hike
Duration:
8:30h

Kjørte til Døvikvågen uten å finne høvelig parkeringsplass langs vegen. Det blei til at eg kjørte gjennom eit gardstun til veis ende og parkerte (usjenert trudde eg) bak ein steinknaus. Lot bare bilen stå der under heile turen, men det burde eg ikkje gjort sånn uten vidare. Meir om det til slutt. Var ikkje klar over sti til Døvikhammaren så eg gjekk rett opp den bratte austsida der det blei ein del utfordrande men gøy klyving. Oppe på toppområdet såg eg det var merka, men stedvis utydelig sti som eg fulgte ned via nordryggen. For å finne stien på veg opp må ein gå gjennom ei grind og følge vegen rett fram mot Årdalsfjorden. Når ein er et par steinkast frå fjorden går ein på skrå opp mot venstre, og da skal man finne stien i bjørkeskogen. Gjekk så sørover ein snau km >>>

Map     2 comments

Hjelmen

Date:
08.11.2018
Characteristic:
Hike
Duration:
5:30h

Parkerte ved sida av kyrkjegarden som er anvist på turstiskilt lenger oppe. Gjekk så gjennom byggefeltet og fulge merka rundløype over Hjelmen. Dette var ein såpass kort tur at eg rakk den mellom to regnbøyer. For å slå i hjel resten av dagen som var meldt regn gjekk eg sørover mot Tuntland og så på traktorveg opp mot skaret mellom Sandsåsen og Mårdalsaksla. Kom inn på ein merka tursti som eg fulgte opp til Sandsåsen. Det var nå både regn og søraust vind, men hadde kledd meg for den slags. Gjekk vidare i terrenget sørvestover til Espeland og så på traktorveg eit stykke og så gjennom skog og myr til Hauskefjellet. Flott utsiktpunkt vestover og det var og postkasse med vardebok litt nord for trigpunktet. Det var få namn i den, men var vel ein eller to gjengangere. Så tilbake >>>

Map