Mykkeltveitveten - strålande sol & pudder (28.02.2016)
Ascents | Mykkeltveitveten (1,132m) | 28.02.2016 12:30 |
---|
Strålande søndag på Voss og starta turen kl 1230 frå Hagen på Bulken. På randoneski oppover ryggen i ca 2 timar til topps med noko hardt skareføre. På toppen bestemte vi oss for å prøve nedrenninga via Olsokubotn og Vassgjeli ("Bollen") sjølv med noko skredutsett terreng enkelte stadar. Her fekk vi belønninga med ein eventyrleg pudderfest.
User comments