Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.

Collected lists

Holyhead Mountain, Wales, 220 moh

Date:
03.08.2019

Roadtrip til Holy Island, Wales. Vi køyrde på delvis smale vegar (og venstrekøyring...) til fyrhuset ved kysten der. I området var det fine stiar å vandre på, så då gjorde vi no sjølvsagt det! Vi måtte så klart oppom høgaste toppen, og den viste seg å vere ein 100-meterstopp: Holyhead Mountain. Mykje lilla lyng med klattar av gule blomster innimellom.

Map    

Rausetst. - Steinsvorn. - Berd.egga - Ry.st, Gloppen, 1229m

Date:
24.07.2019

Lang og varm tur på Sørstranda i Gloppen med mamsa. Vi parkerte nedanfor Rausetstøylen og gjekk stien opp til Støylen. Vidare fann vi ein tydeleg sti, og gjekk oppover/utover til elva. Så følgde vi elva opp til nokre små vatn og fortsette opp på Steinsvornykane. Derifra såg vi innover Hyefjorden. Turen gjekk vidare innover høgda, og dette var ein god del lenger enn vi trudde... Men til slutt kom vi no til Berdalsegga (og kalla Morafta, sjølv om dette på kartet er noko lenger ope…) Tydeleg sti ned til Ryggjastøylen. Då hadde vi fullført 3 T-turar på same runda, og hadde eigentleg planar om å gå sti tvers over og tilbake til Rausetstøylen, men på grunn av tida og varmen (!) var dette lite freistande.. Vi fekk difor haik med kjendfolk tilbake til bilen :)

Map    

Holvikfossen - Utsikten, Trivselsskogen Gloppen, 370 moh

Date:
17.07.2019

Opning av Fosseteateret over Holvikfossen i Trivselsskogen. Nydeleg ver, fin turog mykje folk. Guida tur frå sentrum og opning av Fosseteateret ved Oddbjørn Hjelmeset. Vi gjekk bort til Utsikten og ned til Draumekvila/dagsturhytta, Kjærleiksskogen og ned att til sentrum. Med mamsa og Torhild S.

Map    

Kyrkjefjellet, Volda, 1482 moh

Date:
16.07.2019

T-tur med Sunniva H. Vi var omsider opp med tang og bok, sidan det vart forsøkt i april (då var varden og boksen frosen...) Vi merka og på vegen... Vi parkerte ved Grøndalssætra og følgde stien opp til Fanteskrålvatnet og vidare opp på venstre side av vatnet, opp stien der. Det var ikkje vanskeleg å finne stien, men vardane gjekk litt i eitt med bakgrunnen, så difor merka vi dei med raud prikk og. Nydeleg dag og fin tur :)

Map    

Ryssdalshornet Nord, Gloppen, 1160 moh

Date:
10.07.2019

T-tur med mamsa, opp og ned frå Ryssdal. Bratt skogsveg, særleg ned att...

Map    

Ossætra, Eid, 422 moh

Date:
07.07.2019

Kveldstur med Anne Tove.

Map    

Mjølfjellet Nordvest og Mjølfjellet1470, Voss, 1470 moh

Date:
27.06.2019

Vi parkerte ved Kårdal og kryssa brua. Der hadde vi fått beskjed om å gå rett opp, så det gjorde vi. Der fann vi ingen sti i starten, men fann den på veg ned att... Etter kvart hadde vi både sti og merking, og kartet til Peakbook fungerte og godt som hjelp. Stien forsvann etter kvart, og då peila vi oss inn på ein varde i himmelsjå. Derifrå såg vi toppen på Mjølfjellet Nordvest. Mellom dei to Mjølfjella var der nokre vardar her og der. Same veg ned att.

Map    

Fagerdalsvatnet, Mjølfjell, Voss, 1106 moh

Date:
26.06.2019

Vi parkerte ved Mjølfjell ungdomsherberge og gjekk på skogsveg opp til Slondalsvatnet, deretter på sti til Slondalsstølane. Vi fortsette opp stien til Fagerdalsvatnet, same veg ned att. Første delen gjekk vi på Rallarvegen...

Map    

Borgarbuvatnet,Mjølfjell, Voss 995 moh

Date:
24.06.2019

Hyttetur med Svanhild og Siri (pluss Anton og Mira), Mjølfjell, like nedanfor stasjonen. Vi køyrde innover dalen og parkerte ved starten av Ljossanddalen. Derifrå var det finsti innover og oppover dalen, til Borgarbuvatnet. Same veg ned att første delen, men vi kryssa brua og tok vegen ned att på andre sida av elva (Hellestøl).

Map    

Naustdalskammen, Eid, 493 moh

Date:
19.06.2019

T-tur og fellestur med INT. Vi parkerte og gjekk opp og ned frå Remmedalen. Eg var guide på turen. Flesteparten var frå Stryn kommune (INT), men og nokre frå Eid.

Map