Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Førde/Naustdal: Krunene, Blåfjellet og Høgefjellet

Date:
09.03.2013
Characteristic:
Randonnée/Telemark

Denne turen vart lenger enn forventa, og meir tidkrevande. Mykje isete parti og kronglete veivalg. Kom frå Førde og tok av på Tjørnaland skilta mot Brunene....sto at dette var bomvei, men ikkje betaling dersom ein skulle berre til gardstuna....ok vi skulle dit. Då vi kom tilbake etter turen var det oppmoding om betaling på frontruta. Ingen problem, vi betalte 40 kr på retur. Turen frå gardane på ca 200 moh gjekk mot Tjørnalandsstøylane langs skogsvei og røyrgate. Tok av mot Tjønnafjell 688. Lettgåt mot Krunene men etter kvart isete parti. Ei dame på fjellski måtte gi seg på ca 900 m. Krunene -> Andersskaret -> Blåfjellet, mykje is og trasig skiføre. Vi var dei første som skreiv oss i boka på Blåfjellet i 2013. Vestover til Smådalsnipa 930. Her hadde det vore besøk >>>

Map    

Oppdal/Sunndal: Gråhøa og Oppdalshøa

Date:
05.03.2013
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
4:00h
Distance:
13.3km

Etter tips frå JoSo kjøyrde vi til garden Bekken. Hadde ein meeeeeeget kort samtale med grunneigar om parkering, kom vi oss avgarde ca 1200. Gjekk bratt rett opp skauen i tung laussnø (eller pudder som mange ville kalla det). Frykta at dette ville bli ein tung tur, men rett oppom skoggrensa var det avblåst og lett å gå. Gjekk først til Gråhøa for å kunne nytte lange slake gliparti mot Oppdalshøa og på returen. Vekslande ver med ein del vind i høgda. Ok nedkjøyringssnø frå skoggrensa. Denne turen er nok flott med gode snøforhold. Er ein interessert i nedkjøyringa bør ein ta Gråhøa til slutt.

Map    

Meldal: Resfjellet

Date:
04.03.2013
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
3:15h
Distance:
11.0km

Vi kom frå Meldal, tok av mot Resvatnet. Mykje nedbør og stor snøsmelting i Trøndelag. Parkerte på Kåsan 475 moh. Måtte spa oss igjennom brøytekantane for å komme inn på parkeringsplassen. Vinden tok godt i bjørkeskauen langs veien og noko topp var ikkje å sjå. Trakka i vei mens Lise holdt auge med GPS-klokka si. Etter kvart vart sikta dårleg og vinden auka på. 200 høgdemeter/ ca 1,2 km frå toppen var det rett utriveleg. Hardt og avblåst. I tillegg løsna den eine fella til Lise. Geckofeller, limfrie, best i test UTE 2012. Etter vår vurdering ubrukelege. Silikonbelegget heng så fast i skia at det løsnar frå fellene, spesielt under foten der trykket er størst. Parkerte skia og gjekk med stavar og sekk mot toppen. Enorm glede då vi plutseleg såg varden. Var såpass le >>>

Map    

Eid/Stryn: Glitteregga

Date:
24.02.2013
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Map     3 comments

Stryn/Gloppen: Blåfjellet, Storlogpiken og Tverrfjellet

Date:
23.02.2013
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Map    

Gaular: Kvamshesten og vest for Litlehesten

Date:
22.02.2013
Characteristic:
Randonnée/Telemark

Vakna i Førde til nok ein kanondag i Sunnfjord. Kjøyrde til Bygstad. Ein eldre pratsom og hjelpsom kar var imøtekommande og kom med forslag til kvar eg skulle starte. Parkerte på Bruahaugen, fulgte skogsvei austover før eg tok av nordover langs merka sti til Kvamsstøylen. Ein del skog og hard humpete snø, gjorde meg mine tankar om ein interessant retur. Kort bananpause på Kvamsstøylen. Rett før Kvamsskaret tok eg til høgre, eller austover, opp ei renne mot toppen Vest for Litlehesten 930. Herifrå var det ca 2 km kupert, lite eigna skiterreng vestover til skaret nordvest for Seltuftevatnet. Hardt og lettgått vidare til ryggen mot Kvamshesten. Satte igjen skia på ca 1100 m og gjekk med stavar ryggen 4-500 meter austover til toppen. Stille og fint, storslagen utsikt. Grei nedkjøyring >>>

Map    

Naustdal/Førde: Svorstølsheia og Sandfjellet S&Fj nr 400

Date:
21.02.2013
Characteristic:
Randonnée/Telemark

Planen for dagen var litt uklar, men bestemte meg for å kjøyre til Fimland i Naustdal kommune. Parkerte på Svorstøl ca 400 moh. Drog godt på autover ca 2,5 km og 600 høgdemeter til Svorstølsheia. Pause og grublestund her, kva no? Vidare mot Skruklefjellet såg uaktuelt ut, skylaget låg godt ned på toppane. Irriterande, kroppen var klar for ein meir potensvekkande tur. Reiv av fellene og kjøyrde i lekker snø ned 3-400 høgdemeter. Plutseleg var Sandfjellet klart for skyer. Svinga austover og inn Gardadalen, kryssa elva i ca 500 meters høgde. På med feller og 750 nye høgdemeter opp til Sandfjellet. Lette skyer på toppen, den store utsikta uteblei. Kanon nedkjøyring til Gardadalen. Sklei på skogsvegen tilbake til Svorstøl på legendarisk gjennomslagsskare. Godt det ikkje var >>>

Map    

Førde/Gaular: Venevassegga og Morgjelhamrane

Date:
20.02.2013
Characteristic:
Randonnée/Telemark

Tur 1. Parkerte på høgste punkt rett før Rørvik Fjellstove. Gode parkeringsmuligheter. Bratt og kronglete opp første kneika til ryggen. Gjekk først nord om Svartenova til Rundenova 904. Trudde ein augneblink det var skispor over Jakobskaret, men når eg kryssa mot Venevassegga viste det seg å være scooterspor. Stille og fint på Venevassegga 1023. Bok i varden. Lenger vest låg eit skylag. Eg var akkurat austom dette og fekk sol heile turen. Glei så ned i Solheimsdalen og labba opp på Svartenova 845. Ned til parkeringa igjen var det mykje humpar og dumpar, mykje terreng. Ikkje den store nedkjøyringa men det er som kjent underordna. Tur 2. Parkerte ved Førde skytebane. Her deltok eg på landsskyttarstevnet på 80-talet. No var det anna fokus. Gjekk gjennom skyteområdet og bratt opp >>>

Map    

Førde/Gaular: Kjelstadnakken og Langefjellet

Date:
19.02.2013
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Map    

Oppdal: Storhornet

Date:
17.02.2013
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Map