Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Skjåk: Vulueggi

Date:
17.04.2019
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
5:16h
Distance:
25.7km

Reinheimen pf 100 92/116 Greidde å kome meg avgarde på solotur frå Billingen. Det er tungt å reise åleine no, vil helst ha turfølgje. Tenkte kanskje det var mykje bilar på parkeringa på Billingen, så valde å gå frå hyttegrenda litt lenger vest. Kryssa meg opp skogen der, og så lett mot Veslefjell. Ein kar på truger på retur gjorde ein brå sving for å sleppe å snakke med meg. Seinare oppunder Veslefjell hadde eg matøkt og kom i prat med ein lokalkar som var meir kontaktsøkande. Ellers såg eg ikkje folk heile dagen. Turen vidare frå Veslefjell er enkel, men noko dryg langs Vulueggi. Såg spora til Johan som var her for nokre dagar sidan. Ein sur vind på toppen gjorde besøket kort og kosen uteblei. Nedkjøyringa mot Billingen hyttefelt fulgte eg spor etter anbefaling frå >>>

Map    

Luster: Heggmyrane -> Leirdalen

Date:
06.04.2019
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
7:30h
Distance:
26.0km

Sogn og Fjordane pf 100 574/1168 (Denne blir neppe fullført men ein kan nå telle seg oppover) Frå Nonhaug hadde vi sett at det var snø i heile traseen på skisenteret. I utgangspunktet var vi motiverte for 3 toppar frå sør, Høgaleinene, Krokberg og Rånøyeggi. Etter eit par dagar med sjukdom i kroppen var eg ikkje heilt i toppform. Sleit som vanleg med å få i meg nok mat, i tillegg til for lite væske på turen som vart lenger enn planlagt. Etter å ha inspisert sanitærforholda på skikafeen og slått av ein prat med skipatruljen kom vi oss avgarde rett over 10. Vi la på langfeller og gjekk rett opp heile traseen. Dei som passerte oss var stort sett 5-6 turgåarar som vi fekk kontakt med utover dagen. Dei hadde lurt på kva tulljebukkar som gjekk opp. Starta turen frå heisen vidare >>>

Map    

Oppdal: Halsbekkhøa og Hyttdalskamben

Date:
20.02.2019
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
3:30h
Distance:
17.1km

Smultringar pf 100 Triveleg tur saman med Otto og Johan. Fin runde som ikkje er altfor krevande passa oss utmerket. Ruta vart Storli-Fluren-Halsbekkhøa-Hyttdalskammen-Halsbekkdalen og ut løypa til Storli. For GPS-spor sjekk Otto sin turrapport. Det var meldt strålande ver, men dette tok tid før det kom. Tilbake på Storli var det rett strålande, men då var turen over. Vi satte oss inn i fineveret og tok oss kaffi og vaffler på Bortistu.

Map    

Oppdal: Høa

Date:
19.02.2019
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Map    

Rennebu: Gråfjellet

Date:
18.02.2019
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
2:07h
Distance:
11.5km
Map    

Oppdal: Tjønnpiken

Date:
18.02.2019
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
1:53h
Distance:
10.1km
Map    

Oppdal: Svahøa og Tyrikvamfjellet

Date:
17.02.2019
Characteristic:
Backcountry skiing
Map    

Eid: Langrennstur til Movatnet

Date:
26.01.2019
Characteristic:
Cross-country skiing
Distance:
12.0km
Map    

Nesset: Fløtatinden og Trondskjortetind

Date:
19.05.2018
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
7:31h
Distance:
18.6km

Møre og Romsdal pf 100 1089/1160 Etter kjempeturen til Kongskrona vart det pizza på Sunndalsøra før vi kjøyrde inn Øksendalen og parkerte på Brandstad. Eit par jenter var nettopp ferdige med sin tur til Fløtatind og måtte gjennom eit lite forhøyr om føre og veivalg mm. Torleiv brukte delar av kvelden til tentamensretting i matematikk. Etter gryntelydane å dømme var det ikkje alt som var riktig. 6 stk la i vei før oss med randoutstyr. Vi gjekk igjen for fjellskia som hadde vært ein suksess på Kongskrona. Bæring opp til ca 650 moh, og så var det berre å følgje spora til topps. Passerte eit lystig lag med 5 moldensere. Slapp dei forbi oss igjen rett før siste kneika der vi tok ein matbit. Vi vart nr 7 og 8 på toppen denne dagen. I tillegg 12-15 stk etter oss. Neste topp var >>>

Map    

Sunndal: Kongskrona

Date:
18.05.2018
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
7:31h
Distance:
18.7km

Møre og Romsdal pf 100 1087/1160 Etter ein prat med Johan som hadde vært her 17. mai bestemde vi oss for å ta denne kjempeturen dagen etter. Vi hadde parkert ved stistart Hovsnebba på Sunndalsøra, og det vart ei oppleving for minneboka. Råning og burning d lux. Kva med 17. mai-råning i bunad? Ein BMW stilde seg opp og røykla heile området utan at nokon heva ei augebryn. 2 dekk låg igjen på asfalten. Opel Commodore 2,5 S, ein Kadett kom og susande. Nei dette var saker! 18. mai kjøyrde vi til Hoås og parkerte ved ein møteplass på venstre side av vegen rett etter traktorvegen som går mot stien. Det vart ei lang skibæring opp lia, men på god sti. Vi mista den ein plass der vi gjekk etter ei raudmerking. Etter at vi passerte trimkassa på kanten var det skia på. Fulgte spora til >>>

Map     1 comment