Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Rauma: Kovåhøa, Vermehøene og Storhatten

Datum:
29.04.2017
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
9:35h
Entfernung:
35,7km

Møre og Romsdal pf 100 1020/1156 Denne dagen hadde vi eigentleg sikta på Dønttinden og tilhøyrande herligheter. Men pga meldingar om vind endra vi rekkefølgja og gjekk for denne dryge runden i staden. Kunne ganske snart spenne på oss skia og labbe oppover dei lange og kjedelege veisystema frå Slettali. Etter langt og lenge kunne vi peile oss inn på Kovåhøa. Tok ein pause oppunder ei furu, og der fekk vi nesten appelsina i halsen då det kom eit voksent ektepar ruslande. Dei hadde heller ikkje forventa å møte folk, og ville gjerne sjekke kva dette var slags rarietetar som hadde rota seg vekk. Dei kunne fortelje at dei hadde planar om Dønttinden neste dag. Diskuterte litt rutevalg osv før vi rusla vidare. Enkelt til Kovåhøa, Nørdre Vermehøa og Søre Vermehøa. Mot Storhatten >>>

Karte    

Rauma: Skirifjellet, Skarvskaregga og Alterhøa

Datum:
28.04.2017
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
8:32h
Entfernung:
34,3km

Møre og Romsdal pf 100 1016/1156 Glimrande ver då vi starta turen. På Skirifjellet friskna det på med vinden, ganske kaldt og utriveleg. Etter Skarvskaregga var meininga at eg skulle vente på dei andre før vi starta på stigninga til Alterhøa. Vel nede på 1000 m i skaret var det ikkje den påskestemninga eg hadde håpa på. Sur vind og overskya. Tok på stilongsen og alt av kle, likavel var det ikkje muleg å vente der ein times tid medan Torleiv og Jan Petter gjekk over Midthøa. Starta derfor å gå svært roleg mot Alterhøa. Kunne sjå dei andre som kom glidande nedover frå Midthøa. Det tok litt tid fordi det var mykje motbakkar der! Berre kort stopp på Alterhøa. Returnerte langs sporet mitt der eg venta dei andre skulle kome gåande. Berre Jan Petter kom. Torleiv valgte å returnere >>>

Sunndal/Surnadal: Renndalskamman, Grinaren og Slanglifjellet

Datum:
16.04.2017
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
8:20h
Entfernung:
37,7km

Møre og Romsdal pf 100 1013/1156 Ein flott tur i lett terreng og legendarisk føre. Turen vart alt anna enn enkel likavel. Lise måtte hjelpe meg å knyte skiskoa og etter 2 meter med ski på beina holdt eg på å gi opp pga ein rygg som hadde fått eit tilbakefall. Prøvde nokre meter til, ny pause... litt lenger igjen og ny pause. Til slutt var eg oppe ved Tovatnet og det gjekk bedre og bedre. Veldig enkelt å gå i den oppkjøyrde løypa inn dit. Sleit og med å få i meg maten, ei brødskive + noke snopegreier på ein slik tur blir altfor lite. 2 liter vatn vart og for lite, på Slanglifjellet måtte eg bomme eit par desiliter med ein triveleg sunndaling. Heldigvis var føret kjempebra, så nedfarten frå Slanglifjellet vart ein telemarkdans. Fekk fylle vassflaska i den åpne elva før >>>

Orkdal: Omnfjellvarden

Datum:
12.04.2017
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
3:00h
Entfernung:
16,3km

Sør-Norge pf 500 229/402 Det er aldri spesielt lystig å starte tur i slike hytteområder. Privat, parkering forbudt, borttauing, bom og kjettingar osv. Våga meg til å kjøyre gjennom parkeringa ved Hundså bru, og til slutt kom eg i prat med ein triveleg kar som viste meg ei parkering. Litt etterpå kom sjefen for opplegget, Meås heitte han. Det var ein hjelpsom kar. Om ein treng parkering her er det muleg å ringe skiforeninga sa han. Dei har nokre ledige nummer til parkering. Han ringde til Lise og avtalte at ho kunne sette bobilen på nr 12. Kjempegreier. Det var akkurat nok snø på myra til å ta på skia ved bilen. Eg gjekk åleine, Lise etterpå. Her skulle vi sjølvsagt tatt med Vinjar i pulk men slik vart det ikkje. Fulgte eit scooterspor innover til betongbrua ved demninga ved >>>

Karte    

Oppdal: Svarthaugen

Datum:
12.03.2017
Tourcharakter:
Skitour
Tourlänge:
1:45h
Entfernung:
6,6km
Karte    

Oppdal/Sunndal: Ottdalskammen, Klingråkkammen, Somrungnebber

Datum:
11.03.2017
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
7:45h
Entfernung:
37,6km

Møre og Romsdal pf 100 1009/1156 Gunn kom frå Surnadal. Vi plukka ho opp ved butikken på Lønset og kjøyrde til Storlia. Kom oss avgarde frå parkeringa ca 1000. Johan smurde skia med blå extra. Det fungerte glimrande innover dei oppkjøyrde løypene mot Tovatna. Tok av frå løypa og gjekk over vatnet og mot Kråkskaret. Litt vind på toppane, først Ottdalskammen. Så vidare gjennom Kråkbotnen og opp til Klingråkkammen. Tredje topp vart Østre Somrungnebba. Eg satte frå meg skia og gjekk den harde snøbakken til topps. Veldig fin topp, tydeligvis lite besøkt ut frå det ein kunne lese i boka. Det hadde no skya til ein del og vi frykta blindeføre på heimveg. Blindeføre var eit nytt ord til stor glede for andre i turfølgjet. Frå siste topp 1623 Ø for Østre Somrungnebba vart >>>

Karte    

Surnadal/Oppdal: Nordre/Midtre/Søndre Storlifjellet

Datum:
10.03.2017
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
6:45h
Entfernung:
29,3km

Møre og Romsdal pf 100 1005/1156 Otto melde seg på ein ny tur etter gårsdagens suksesstur til Svarthøtta. Parkerte på Bårdsgarden og fulgte løype mot Måssåhaugen. Glei ned 100 hm før vi starta stigninga mot Hyttdalen. Inn på scooterspor her og lett vidare nokre km. Peila oss så inn mot nordtoppen først. Vidare over midtre og søre til slutt. Eg var gapen nok til å legge på langfellene. Skia var så fulle av lim at det vart ikkje den store opplevinga i den tørre snøen. Først nede i Hyttdalen igjen ordna dette seg der snøen var meir påverka av sola. To toppsamlarar med same utgangspunkt som oss hadde vore på nordtoppen med ei bikkje. Dei tok oss nesten igjen opp mot høgda igjen. Kom ikkje i kontakt med dei. Vel tilbake i Oppdal etter ein slitetur vart det avslapping med obligatorisk >>>

Oppdal/Rennebu/Rindal: Svarthøtta

Datum:
09.03.2017
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
4:45h
Entfernung:
21,5km

Møre og Romsdal pf 100 1003/1156 Kom til Oppdal onsdag kveld og tok inn på vandrerhjemmet i Bjørndalsveien. Torsdag kl 0900 sto Otto i døra og ville melde seg på turen medan han prata med Bjørn F på telefon. Han hadde i tillegg brukt ein time på yr så veret skulle være under kontroll. Det er så utruleg enkelt å ha med kjendtfolk. Sette seg bevisstlause i bilen og bli kjøyrt til start. Først langs oppkjøyrde løyper og scooterspor. Så oppover på hardt føre mot toppen. Flott utsikt mot mange toppar i alle retningar. Kasse og bok på toppen. Glimrande start på helga og sesongen.

Karte    

Eid: Rundtur heimafrå

Datum:
26.02.2017
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Entfernung:
7,1km
Karte    

Bremanger: Gjegnen

Datum:
04.06.2016
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
9:11h
Entfernung:
24,6km

Dette var nok tidenes finaste tur på Gjegnen. Ein seksar på terningen, sjølv om Geir Arne grein over noke dis rundt oljeplatformene og ein lett trekk på breen. I tillegg møtte vi folk på returen, offameg. Sjølvsagt var det kjentfolk. På Gjegnabu var besøksprotokollen ikkje flittig brukt i 2016, einaste overnattinga var eit par karar, den turen kjenner eg til frå Facebook. Det er klart at Gjegnen frå Hope er best når snøen er smelta opp lia til Lavesteinen. Det betyr sjølvsagt ein del skibæring, men det er først på traktorvei og så ei lita kneik opp lia. Frå Lavesteinen er det ein slak og fin tur, ingen grunn til å bære med seg tungt utstyr. Fjellski er heilt glimrande herifrå. Meir info finst under bilda.