Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Sunndal: Kringlehøa

Date:
15.04.2018
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
5:33h
Distance:
25.2km

Møre og Romsdal pf 100 1082/1159 Søndag var heimreisedag for meg, så då passa det fint med ein litt kort og forholdsvis enkel tur. Laurdag hadde det vært folk på denne toppen, og Otto var toppmotivert for sin første skitur til Kringlehøa. Fulgte løypene innover til Tovatna. Her møtte vi ein kar som hadde overnatta på Slanglifjellet. Flott temperatur over vatnet og opp bakkane mot Kringlehøa. Vi hadde eigentleg tenkt oss opp sommarruta via søraustryggen. Men dei 4 som var på toppen dagen før oss hadde tatt ruta ned på nordsida. Dette ser på avstand hårete ut, men når ein nærmar seg ser ein annleis på det. Bratt kryssing opp mellom steinar og fjellknattar, før vi traverserte bort ei bratt side. Stunda på toppen var av det ekstraordinært flotte. Heilt vindstille og fantastisk >>>

Map    

Sunndal: Dronningkrona

Date:
14.04.2018
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
17.8km

Møre og Romsdal pf 100 1081/1159 Strålande dag på Dronningkrona. Reiste med Johan frå Oppdal og møtte Gunn og Nora på parkeringa. Folksomt oppover lia. Gjekk vanleg rute. Ganske bratt oppi der, såg over på "svenskeraset" og gjorde meg mine tankar...tja..Stille og fint på toppen. Eg var einaste mann med telemarkutstyr. Etter å ha løfta litt på randopakken til Johan innser eg at eg har mykje meir å drage på ja. Såg 2 andre med fjellski. Stakkars dei ned gjennom skogen tenkte eg.

Map    

Surnadal: Neådalssnota, Sprikltjønnknubben og meir til

Date:
13.04.2018
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
8:56h
Distance:
35.6km

Møre og Romsdal pf 100 1080/1159 Otto hadde vært på Neådalssnota berre ein gang før, og hadde veldig lyst på eit nytt besøk med nye muligheter for flotte foto. Heldigvis tok vi denne turen første dagen av langhelga. Det var litt kaldare, og snøen litt fastare på fredag enn laurdag/søndag.

Map    

Sunndal: Storrunde sør for Raubergshytta

Date:
27.03.2018
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
9:03h
Distance:
33.0km

Møre og Romsdal pf 100 1076/1159 Siste skikkelege turdag før heimreise. Vakna tidleg og fyrte i omnen. Det vart kaffi og ein Real-pakke ispedd potetmos til frokost. Utan denne hadde dagen blitt strevsom. -2 og mindre vind når vi starta. Skyfri himmel igjen, dette holdt seg heile dagen. Sjølv om buketten med 5 pf 100-toppar sør for hytta var planen var eg klar over at dette ville bli langt med det utstyret vi hadde. Først til Storpurka, markert med trig pkt 1614 som toppunkt. Trur det er 1 meter eller så høgare ca 190 meter mot nord. Så kryssa vi scooterleden mellom Håkodalsvatna. Stortrafikk mot Torbudalen, alle skulle på hytta. Ungar og hundar og besta og pikk og pakk bak på sledane. På Håkodalshøa hadde det vært ein skiløpar rett før oss, ferske skispor. Så gjekk det greitt >>>

Map    

Sunndal: Dordinakkan + 3 andre pf 100

Date:
26.03.2018
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
7:27h
Distance:
26.9km

Møre og Romsdal pf 100 1071/1159 Meldingane for dagen var strålande og dette slo forsåvidt til. Ikkje ei sky på himmelen, men -10 ved start og veldig sure vind i periodar øydela litt av kosen. I periodar gjekk vi med dunjakka på, det er ikkje kvardagskost for Kroksleiven som vanlegvis går i ullskjorta. Elendig skiføre i høgda, men sidan vi gjekk med smale telemarkski og plastsko gjekk dette heilt greitt. Fjellski og lave sko er eit mareritt som eg helst vil prøve å unngå under slike forhold. Som dagen før var det stygge lydar i snøen heile tida, men ingen problem i høgda. Trygg og fin runde. Dordinakkan er eit fantastisk utsiktspunkt, her skulle vi gjerne ha kosa oss lenge. På grunn av vinden vart det kjapp retur ned til Storhårbårvatnet. Her var det rolegare. Vi var veldig >>>

Map     3 comments

Sunndal: Seterfjellet og Grynningdalskollen

Date:
25.03.2018
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
4:18h
Distance:
14.8km

Møre og Romsdal pf 100 1067/1159 Vi vakna etter ei god natts søvn på Raubergshytta. Sidan vi var åleine låg vi inne i opphaldsrommet. Fyrte i ovnen og tok oss tid til ein kopp kaffi. Dagens tur var ikkje av dei lengste og veret heller ikkje heilt toppers. Så ingen stress, vi var på ferie. Kom oss til slutt avgarde og peila oss inn på Seterfjellet. Her har eg vore før, men fin å ta i rundturen. Og så fekk Torleiv seg ein ny 1800-metring. Mot toppen tjukkna det til og var på grensa til utriveleg. Kun kort pause ved varden før vi glei vidare mot Grynningdalskollen. Mot denne og vidare til hytta vart det lettare skydekke og rett så triveleg. Veldig stygge lydar i snøen. Snølaget under oss kollapsa mange gonger, faktisk slik at vi kjende det. No var dette i dalar og flatare parti. >>>

Map    

Eid: Svartegga

Date:
11.03.2018
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Map    

Eid: Movatnet

Date:
06.03.2018
Characteristic:
Backcountry skiing
Map    

Sunndal/Nesset: Åbittinden, Vardfjellet, 1292 og Trolltinden

Date:
22.02.2018
Characteristic:
Backcountry skiing
Distance:
16.0km

Solotur frå parkering Trolltindveien. Innser at vinterturar solo ikkje er favoritten, sakna turfølgje enormt undervegs. Bestemde meg for å prøve opp til Åbittinden først. Bratt opp siste kneika, på med stegjern og brukte isøksa. Så vidare til Vardfjellet, ned i dalen til ca 950 moh og opp igjen på 1292-toppen. Veldig fin snø her nede og fin temperatur. Vurderte ryggen direkte til Trolltinden, men gjekk mot skaret mellom Åbittinden og Trolltinden. Skia på sekken opp ryggen. 2 stk hadde gått heile traversen før meg, såg dei undervegs og møtte dei på parkeringa etterpå. Møtte og folk på toppen, dei hadde i tillegg vore på Ryssdalsnebba samme dagen. Populært område dette. Nedfarten på fjellski vart ikkje det store, blir ei stund til eg brukar desse skia til toppsamling >>>

Map    

Sunndal: Ørnhaugen

Date:
21.02.2018
Characteristic:
Randonnée/Telemark

Det var OL-sendingar på TV Norge i stabburet eg hadde leigd på Sunndalsøra. Dårleg ver ute så eg slappa av heile formiddagen med sprint langrenn. Kjøyrde til slutt til Årammen og parkerte ved busskuret. Fulgte veien oppover mot Rennsetvatnet. Tok av til høgre meir eller mindre planlaust på ein gjengrodd traktorvei. Kom opp til ein hammar som eg gjekk under og til høgre for. Vidare lett i slakt terreng til toppen. Mykje vind og dårleg sikt i høgda såg det ut som. Dagen var i boks med denne korte turen. Satsa heller på Åbittinden-runde neste dag då meldingane var mykje bedre.

Map