Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Eid: Åsane, ytre, indre

Date:
09.09.2014
Characteristic:
Hike
Map    

Stordal: Kamben

Date:
07.09.2014
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:00h
Distance:
9.6km

Tok laust åleine frå parkeringa og spann forbi Fokhaustova mot Litlevatnet. Etter ein halvtimes gange forlet eg stien og kryssa elva i retning norvestryggen mot Kammen. Ikkje noko sti her, berre å finne si eiga rås. Stort sett greitt eit par småbratte parti der eg brukte nevane. Kan sikkert omgåast om ein leitar litt. Brukte 1.13 opp. Retur la eg litt lenger aust. Planen var å møte Lise og Vinjar på stien ein eller anna plass. Eg synest det var meir skog og ur lenger aust så anbefalte ho å følgje den ruta som eg tok opp. Ho fekk klokka og kunne gå etter den. Eg fekk Vinjar på magen og rusla utover mot Fokhaustova igjen. I bilen vart det kaffi og kake på meg, søvn for Vinjar. Då manglar det berre 5 i Sunnmøre-lista. Usikker på kva ein rekk i haust. Planen er å avslutte med >>>

Map     6 comments

Stordal/Rauma: Litlevasstinden og Trollvasstindane

Date:
06.09.2014
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:20h
Distance:
18.0km

Etter forrige helgs turne til Stordal kommune vart det for fristande med eit gjensyn og reint bord rundt Pusken seter. Kom fram fredag kveld og kjøyrde oppover i byggefeltet (hyttefeltet) mot Fokhaustova. Det er no vei nesten heilt fram til Fokhaugstova, ei tydeleg parkeringslomme rett etter ein stor sving der vi plasserte vår mobile hytte for helga. Laurdag gjekk vi forbi Fokhaugstova og fulgte merka rute mot Litlevatnet og Innfjorden. Litt dryg anmarsj (dryg for oss iallefall, Lise vil ha motbakke frå parkeringa) innover mot Litlevatnet. Tok etter kvart av mot Ådalen og Ytste Brynebotnsvatnet. Ikkje noko sti oppover her men stort sett greitt å finne åpne områder mellom småkrattet. Kryssa elva godt nedanfor vatnet og tok peiling på ryggen. Først veldig bratt opp eit parti så flata >>>

Map