Balestrand: Johannesberg (18.04.2020)


Start point Brøytestasjonen (753m)
Endpoint Brøytestasjonen (753m)
Characteristic Backcountry skiing
Duration 6h 22min
Distance 18.2km
Vertical meters 1,184m
GPS
Ascents Johannesberg (1,446m) 18.04.2020
Svarthammarhesten (1,288m) 18.04.2020

Planen var ei mykje lenger runde med 7 toppar. Diverse omstende gjorde at vi var fornøgde med berre Johannesberg. Først starta vi turen for langt oppe. Så brukte vi lang tid med diverse feller og stegjern. Ja det var så knallhardt oppover at vi labba med stegjern og skia på sekken eit stykke. Kortfeller vart bytta ut med langfeller og så tilbake til kortfeller igjen. Etter ein matpause på Sværaeggi vart vi enige om å gå for Johannesberg. Sette igjen skia og gjekk med stegjern dei siste ca 120 hm og 600 meterane til topps. Her oppe var det ganske bra snø og ikkje så isete. Vi hadde og lokalisert nokre voldsomme skavlar på den tenkte ruta vidare som ikkje let seg forsere. Sånn sett var det ikkje vanskeleg å gi seg i dag. Elendig skiføre nedover igjen sjølv om sola hadde fått tatt litt av verste isen. Alt i alt ein fin turdag trass dårleg føre.

Bra med snø på Gaularfjellet
Bra med snø på Gaularfjellet
Den glinsande flata vitnar om knallhardt skiføre. Johannesberg stikk opp bak der.
Den glinsande flata vitnar om knallhardt skiføre. Johannesberg stikk opp bak der.
Frå Johannesberg mot Sognefjorden.
Frå Johannesberg mot Sognefjorden.
Torleiv på toppen. Sjekkar den fancy telefonen sin. Denne har kamera og for første gong i verdenshistorien måtte eg ta bilde med telefonen hans.
Torleiv på toppen. Sjekkar den fancy telefonen sin. Denne har kamera og for første gong i verdenshistorien måtte eg ta bilde med telefonen hans.
Mot Keipen
Mot Keipen

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.