Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.

Collected lists

Laussnødraum på Vangsen

Date:
13.04.2013

Heilt sidan eg for fyrste gong las om fjellkolossen Vangsen, har eg lengta etter å stå på toppen. Etter å ha nytta kvart ledige sekund kvar dag heile veka på å oppdatere yr.no og vêrmeldinga for Jostedalen og Breheimen, kunne me pakke bilen full og haste mot fjellet rett etter foredrag og kor fredag ettermiddag. Turen til Vangsen er beskrive som ein topptur som tek fem timar. Me bestemde oss for at me ville utnytte heile frilaurdagen, og dessuten vere aldeles sikre på at alle skulle kome seg opp til varden. Difor lånte me like så godt telt og brennar frå skulen slik at me komfortabelt kunne tilbringe natta ved Vanndalsvatnet, 1045. Ei stund etter middagstid traska me altså i veg frå Myri, 500 moh, og oppover Vanndalen. Eit tynt lag med pudder dekte den hadre skaren og dei mange spora. >>>

Map     2 comments

Frudalshesten

Date:
04.04.2013
Map    

Fagerhøi og Dørdalskanppan

Date:
01.04.2013

Skitur med mor, far, Marwin, tante Kikki og Per. Tok meg ein tur oppom Dørdalskanppan før eg fortsatte etter dei andre til Fagerhøi. Byrja turen opp på toppen med ski, men måtte etter kvart gje tapt for knallharde og isete skavlar. Praktfull utsikt frå toppen. Skreiv meg inn i den vesle blokka som låg i kassa før eg rende ned mot Østre Dørdalsknappen. Flott skare, tok likevel av meg turlangrennskia i dei brattaste skråningane. Godt med nistemat på Fagerhøi. Som elles i påska: strålande sol frå skyfri himmel. Lett vindgufs. Ein del folk og dyr. Flott dag i fjellet, fin avslutning på påskeferien.

Map    

På ski i Vestfjellet

Date:
29.03.2013
Map    

USA

Date:
09.03.2013

Storehogen

Date:
27.02.2013
Map    

Vigdalen

Date:
22.02.2013
Map    

Ski på Skei

Date:
17.02.2013
Map    

Leppkampen

Date:
16.02.2013

Gjekk frå Strand fjellstue halv ti. Glimrande forhold; kaldt og sol frå skyfri himmel. Over Espedalsvatnet og opp preparerte løyper til Melgårdsætra og videre mot Nordgårsætra. Gjekk ut av løypa ved Solåtjørnet og brøyta meg opp østsida. Etter kvart vart det hardt, skavlete og avblåst. Flott utsyn heile vegen, alltid stas når Heidalsmuen dukkar opp. Stod på toppen av Leppkampen kl 12. Lite snø på snaufjellet. Følgde ryggen ned og bort til Søre Leppkampen, kor eg rasta i solsteiken. Tok ikkje av fellene før eg var komen ned att i Leppskardet, kor det byrja å verte brukbart med snø. Fekk noen fine telemarksvingar i djup laussnø før eg traska over myrene og rende ned att til Strand. Herleg tur og fantastisk dag i fjellet.

Map    

Vigdalen-Fivla-Navarsete

Date:
12.02.2013
Map