Archive - Date
Archive - Activity
- Ski trip (2)
- Trip by foot (8)
Peakbook-Friends
Favourite peaks
Dronninga blant Hordalandsfjella
- Date:
- 15.06.2013
Turhelg kor eg køyrde tilsaman 900 km. Ikkje heilt slik eg normalt gjer ting, så det må seiast at det ikkje eigentleg gjekk som planlagt. Likevel har eg hatt ei fantastisk helg. Reiste frå heime fredag etter jobb og skulle møte Kristine på Haugastøl, Hardangervidda. Dette er omtrent like langt for oss båe, sidan me kjem frå kvar vår kant av landet. Planen var ei roleg helg med telt, Lordehytta og kanskje Folarskardnuten? Rett før Leira ringte Kristine og fortalde at bilen hennar var øydelagt. Difor køyrde eg like så godt over heile Vidda, ned i Eidfjord, gjennom vakre Hardanger til Odda, gjennom Folgefonntunnellen og vidare til Rosendal. Hit hadde Kristine kome seg ved hjelp av ymse kollektivtrafikk. Seint på kvelden kunne me slå opp teltet på Løvfall camping. Laurdag morgon >>>
Skei
- Date:
- 30.05.2013
Eg og Marwin skulle eigentleg berre til Skei for eit praktisk ærend, men valde å benytte høvet til å kome oss opp på Skeikampen. Frå fyrste steg kjende eg beina var utruleg tunge etter fotballkampen i går. Ville likevel ta bestigninga som ein treningstur, sidan mesteparten av vegen går rett opp alpintraseen. Me fekk nesten eit problem med å gå i eit strekk, men sleit oss opp på 22 min. Flott utsikt mot det varierande vêret og alle regnbogene. Fekk oversikt over bygda, vestfjellet, området rundt Skei og sjølvsagt Espedalen. Rusla til slutt ned att. Takk for turen, Marwin.
Bjørga
- Date:
- 17.05.2013
Folkehøgskuleåret er over og det er stas å vere heime på nasjonaldagen. Etter ein triveleg dag med bunad, tog, flagg, mat, is, korpsmusikk, familieselskap, mat og is, tok eg med meg Marwin ut på tur. Køyrde opp til Kankerud, parkerte og gikk på delvis bar veg, delvis blaut, roten snø til stien opp mot Bjørga. Ikkje mogleg å gå opp her, snø til midt oppå låret. Rusla nedover mot bilen att med fint utsyn over vakre Gausdal. Fann etterkvart ut at eg ville oppom toppen, så eg og bikkja klatra/kleiv/braut oss oppover ein bratt, krattkledd skrent og stod kort tid etter på Bjørga med flott utsikt. Måtte bort til varden og boka. Same veg ned att. Hipp, hipp, hurra!
Jotunheimen
- Date:
- 16.04.2013
- Characteristic:
- Backcountry skiing
Skitur i Jotunheimen med friluftslivklassa. Start på Huldehaugen over Turtagrø, gjekk til sjølvbetjent kvarter på Krossbu. Ikkje ein stad eg tilrår nokon å vere på vinteren. Her fannst lite, mellom anna var det ikkje vedomn der. Opprinneleg rute til Olavsbu over Smørstabbreen onsdag vart endra grunna vêr og form. Nokre sleit ganske mykje. Gjekk Vetle Utledalen, men i staden for å gå innover Storutledalen, måtte me innsjå at gruppa ikkje kom til å nå fram. Såpass langt nede møtte me i tillegg eit ufatteleg gjennomslagsføre. Det var mykje snø, og han pakka seg rundt ein viss ein skulle vere så uheldig å tippe over. Fleire måtte grave ut ski etter å rett og slett ha gått seg bom fast. Ein annan hamna på hovudet ned i snøen, noko som fort kunne vorte farleg sidan han ikkje >>>