Archive - Date
Archive - Activity
- Ski trip (2)
- Trip by foot (8)
Peakbook-Friends
Favourite peaks
Setertur
- Date:
- 09.08.2012
Marte Stine henta meg og Marwin kl 11. Ho mangla framleis Kyrakampen på Topptrimkortet, så me bestemte oss for å gå eit råk frå Einstadsetra opp på toppen. Passa meg fint, sidan eg har gått frå både Austlid og Trisnipp før i sumar. Eg la sjølvsagt telefonen min på taket på bilen medan eg hjalp bikkja inn i bilen. Der let eg han liggje. Etter eit minutt på vegen, høyrde me ein lyd frå bilen, men skjønte ikkje kva det kunne vere. Turen og livet fortsatte. Råket var absolutt godkjent og trefte stien frå Trisnipp eit godt stykkje oppe i lia. Fekk ei og anna regnskur over oss i dag, men temperaturen var herleg. Gjekk innom Knutsholoa. Etter truen var eg og Åsmund, som var på jobb på Skei, invitert med inn på setra på vafler og rabarbrasuppe. Særs velsmakande lunsj og huggeleg >>>
Rundtur i Gausdal Vestfjell
- Date:
- 08.08.2012
Turfølgje: Marte Stine, Jorid og Ingrid. Avreise frå Statoil på Brua kl 10. Framme ved Ormtjernsætra og aldeles klare for ein dag i fjellet omkring kl 11. Gjekk inn til Storeskardet. Her stakk vi oppom Ormtjernskampen før me gjekk ned att og følgde ein fin sti opp på Dokkampen. Vidare frå her såg me oss ut ein veg bortover mot Glupan. Kom oss tørrskodd gjennom eit flatt kratt- og myrterreng, over Nordre og Søre Glupan før ferda gjekk opp på Snæreskampen kor me stempla Topptrimkorta våre. Ned att valde me stort sett stuttaste veg; omtrent rett ned gjennom bjørkeskogen (ganske bratt, måtte gå rundt ein to-tre meter høg bergvegg) og ut på Ormtjernsætervegen. Følgde denne sørover att mot Ormtjernsætra og bilen. Brukte 4 timar og 15 minutt. Hadde vakkert vêr med skiftande >>>
Trona i tåke
- Date:
- 02.08.2012
Var på tur oppover til Espedalen for å vitje bestemor og vere på fjellet. Kosa meg i bilen med "kaffi" og Odd Nordstoga. Kl. var kring halv sju og eg bestemte meg for at viss det ikkje var skodde på toppen av Trona, skulle eg ta meg ein snøggtur oppom. Då eg kom rundt svingen og fekk sjå Øvre Svatsum og Trona, låg ho der, klår og tydeleg mot ein lys grå himmel. Parkerte ved Husom og gjekk opp. Brukte 22 min til trig. punktet. Her var det heilt vindstille, men tåka dreiv rundt meg. Dette gjorde jo ingenting, for utsikta har eg sett før. Turen opp og ned var framleis like fin. Fekk att pusten, skreiv i boka og gjekk ned att. Huggeleg tur, diverre utan Marwin i dag.
Prestkampen
- Date:
- 01.08.2012
Kveldstur saman med mor, Marwin, tante Kikki og Kompis. Parkerte innst i Torsdalen. På stien opp var det mange kyr, så eg gjekk fremst og leda dei bort for å unngå endå ein situasjon med hund og ku, som eg veit kan vere ganske utriveleg.
Prestkampen er med på Topptrimmen i år. Medan eg snart er ferdig med lista, har ikkje mor ein gong komi halvvegs. Eg har difor lova ho å få ho med ut og opp, noko som betyr at det vert dobbelt så mange turar for meg. Det er eg eigentleg berre glad for!
I kveld var det ingen grunn til å vere noko anna enn nøgd og glad. Kveldssola varma frå klår, blå himmel. Frisk, herleg vind på toppen. Utsikta var som vanleg ein fryd for auget.
Takk for turen!