Skei (30.05.2013)
Ascents | Skeikampen (1,124m) | 30.05.2013 |
---|
Eg og Marwin skulle eigentleg berre til Skei for eit praktisk ærend, men valde å benytte høvet til å kome oss opp på Skeikampen. Frå fyrste steg kjende eg beina var utruleg tunge etter fotballkampen i går. Ville likevel ta bestigninga som ein treningstur, sidan mesteparten av vegen går rett opp alpintraseen. Me fekk nesten eit problem med å gå i eit strekk, men sleit oss opp på 22 min. Flott utsikt mot det varierande vêret og alle regnbogene. Fekk oversikt over bygda, vestfjellet, området rundt Skei og sjølvsagt Espedalen. Rusla til slutt ned att. Takk for turen, Marwin.
User comments