Setertur (09.08.2012)
Ascents | Kyrakampen (975m) | 09.08.2012 |
---|
Råket var absolutt godkjent og trefte stien frå Trisnipp eit godt stykkje oppe i lia. Fekk ei og anna regnskur over oss i dag, men temperaturen var herleg. Gjekk innom Knutsholoa.
Etter truen var eg og Åsmund, som var på jobb på Skei, invitert med inn på setra på vafler og rabarbrasuppe. Særs velsmakande lunsj og huggeleg prat om alt frå planleggjing av Galdhøpiggen-tur til resultat av dialektavstemmingar.
På tur ned att, kom eg på at eg skulle sjå etter mobilen min. Fann han ikkje. Vel heime fekk eg kontakta Marte Stine som ringte meg, men det gjekk rett på mobilsvar. Slik vart mistanken bekrefta. Eg køyrde til Vold, kor me hadde høyrd lyden, som sjølvsagt var telefonen som bles ned frå taket. Hadde ikkje akkurat trua, men jaggu fann eg delar av telefonen med sim-kortet intakt.
Takk for ein flott dag med fjelltur, seterbesøk og ny telefon.
Benutzerkommentare