Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Storgrovhøe og Storgrovtind

Date:
31.07.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
10:00h
Distance:
13.0km

Kart: klikk her Flott tur i nydeleg vêr med Pappa og Frode til Storgrovhøene. Vi la i veg frå Ytterdalssætre retning Heimre Illåbrean, og det var uproblematisk å krysse Heimre Illåe på høgde 1275 der den deler seg i fleire småbekkar. Etter at vi hadde lagt Illågjelet bak oss, såg vi at det også hadde vore kurant å krysse elva oppe ved breen. Vidare la vi kursen vestover over eit par moreneryggar og inn på lettgåtte snøfonner oppover mot Storgrovhøe. Det var ei formidabel utsikt som åpenbara seg når vi kom opp på ryggen! Frå Fremste var det spesielt fin utsikt ned i Bøverdalen, og her trefte vi dei 3 einaste personane vi såg på denne turen. Lettgått på ryggen over til den 6 meter høgare Bakarste Storgrovhøe . Det var framleis tilnærma vindstille på toppen når vi sette oss ned for å nyte utsikta. Frode >>>

Map    

Rasletinder

Date:
01.06.2020
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
6:24h
Distance:
16.3km

Det er framleis bra med snø på Valdresflya, og vi avslutta vi pinsa med ein ettermiddagstur til Rasletind. Det flotte pinsevêret held fram og vi gjekk i shorts heilt til topps. Vi gjekk "sommerløypa" og det var greit føre opp til Øystre (2010). Det vart litt ski-bering ned frå denne fortoppen, og deretter greit opp til Rasletinden. På nytt litt bering ned frå toppen og så rusla bort til Sørvestre Rasletinden. Med sine 10 meter primærfaktor rager denne steinhaugen av ein topp høgt på lista over dei aller stusslegaste fjelltoppane i Noreg. Men dette skulle altså vise seg å bli Andrea sin topp nr 100 (2k 10pf). Vi kunne kanskje planlagt noko meir majestetisk blant kongerikets stolte fjelltopper, men topp er topp. Det blir feiring på Sentralen i Lom med det fyrste! Retur >>>

Map    

Pinseparadis på Skeie og Østre Sokse

Date:
30.05.2020
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
9:49h
Distance:
15.9km

Superpinse på Sognefjellet med fantastisk vêr og føre. Dagens hovudmål var Skeie, og vi ville prøve oss opp snørenna frå Leirbrean. Vi gjekk opp til det lågaste punktet på ryggen mot Veslebjørn og parkerte skiene der. Så traverserte vi ut til høgre for å runde ein berghammar og så opp eit snøfelt . Snøfeltet gjekk etterkvart over i ei snørenne, som enda i ein kamin opp mot eggen. Kaminen var bar for snø, men hadde store og gode tak. Det var temmeleg bratt oppover, men det var heldigvis godt feste i snøen for både stegjern og isøks. Oppe på eggen tok vi av tauet, for eggen vidare opp mot toppen var rimeleg grei. Vi avla deretter vesttoppen eit lite besøk. Uproblematisk ut hit. Retur same veg attende til skiene. Vêret var stadig like flott, og det var for tidleg å køyre >>>

Map    

Skagsnebb

Date:
25.04.2020
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
6:19h
Distance:
9.5km

Skagsnebb - ein av Jotunheimens finaste skitoppar? I dag klaffa i alle fall det meste: nydeleg vêr - nydeleg føre - nydeleg nedkøyring på tørr nysnø! Veldig folksomt i Leirdalen og på Hurrbrean i dag. Vel oppe i skaret mellom Skagsnebb og Bakaste Skagsnebb tok vi fatt på eggen mot toppen. Etter eit kort parti på bart fjell, tok vi på stegjern. Smal, luftig og fin egg, men greit å gå.

Map    

Mugna - Kalvehøgde

Date:
18.04.2020
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
10:30h
Distance:
26.0km

Flott tur med Andrea i nydeleg vêr! Føre: Mykje snø på Flya med 2 m brøytekant. Delvis hardt/skavlete opp mot Steindalen. Delvis veldig avblåst på ryggene. Måtte bere skiene litt mellom Kalvehøgde Ø2 og Mugna. Og litt bering rundt Austre Kalvehøgde.

Map