Telttur med Nemi i Skorpetindbotn - 6.-8. august 2015 (06.08.2015)


Start point Toviken
Endpoint Toviken
Duration 69h 00min
Distance 58.0km
Map
Ascents Haldalshøgdi (1,764m) 07.08.2015
Halldalsnuten (1,764m) 07.08.2015
Skorpetinden (1,642m) 07.08.2015
Volavasseggi (1,619m) 08.08.2015
Visits of other PBEs Iungsdalshytta (1,111m) 06.08.2015
Toviki p-plass (1,094m) 06.08.2015

06.08.2015
Gikk ca. 10 km inn frå Toviken og etablerte teltleir i Skorpetindbotn første dagen.

07.08.2015
Start kl. 10.15 fra teltleiren. Gikk opp ved øvre Skorpetindtjørne og innover mot Halldalsnuten. Deretter bort til Haldalshøgdi, og då kom tåka sigende rett før toppen. Gikk så retning Skorpetind. Tilbake ved teltet kl 19.15 etter 24 km tur.

08.08.2015
Start kl. 11.15 frå teltet. Gikk retning T-stien til Kongshelleren, men no slo Nemi seg vrang og skulle ikkje gå meir i den retningen, ho var tydeleg lei og skulle kun gå i retning mot bilen. Fikk lurt ho med litt sikk-sakk gåing og lokking med godbiter, men det gikk trått og Nemi måtte i perioder bæres. Turen vart veldig amputert og slitsomt når du hadde med ein hund som satte seg på bakbeina, men vi kom oss til slutt opp på Volavasseggi. Tilbaketuren var null problem då dette tydeligvis vart riktig retning. Tilbake ved teltet kl. 16.30 etter 14 km tur. Då var det ikkje noko anna å gjera enn å pakke sammen alt utstyret og gå tilbake til bilen ved Toviken. Ved bilen kl. 21.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.