Archive - Date
Archive - Activity
-
Trip by foot (3)
- Jogging (1)
Peakbook-Friends
Buren
- Date:
- 20.08.2016
Buren er ein av veldig mange toppar på Kvaløya,men lett tilgjengeleg og ein nokså kort tur.
Turen vår starta frå p-plass i Ersfjordbotn. Ikkje så bratt i starten, men siste strekket er rett opp i ura. Belønninga er ein luftig topp, med fabelaktig utsikt utover toppar og tindar på Kvaløya og utover Erfjorden mot storhavet. Her får ein kjensla av å vera virkeleg høgt oppe, sjølv om toppen ikkje er høgare enn 802 moh.
Det er jammen flott
i Troms!
Tromsdalstind
- Date:
- 19.08.2016
Flott topptur i Tromsø. Bynær tur med utgangspunkt rett i utkanten av bebyggelsen i Tromsdalen-Eg trur utgagnspunktet for vår tur blir kalla Grinda. Starten av turen gjekk på grusveg før den går over i ein god sti oppover lia. Snart var me oppe av skogen og kunne halda fram i ope og fritt terreng opp mot egga. Me gjekk opp eggen frå vestsida. Bratt den siste biten, men ein flott tur med storslagen utsikt. Turen ned gjekk langs eggen og ned dalen igjen til skogsvegen.
Eikefjellet -Halsne
- Date:
- 04.08.2016
På båtferie i Ryfylke låg me i hamn i Skartveitvågen på Halsne. Då låg det godt til rette for ein tur til Eikefjellet, som er høgaste toppen på øya. Det er merka rundløype frå Skartveitvågen. Denne dagen var det veldig blautt etter svært mykje regn dei siste dagane, men likevel ein fin tur. Heile rundturen tok omlag 1,5 - 2 timar.
Svadbergfjellet
- Date:
- 31.07.2016
Turen starta på Svadberg og går bratt oppover på Stølavegen opp til Stølen. Før me kom opp til husa på Stølen tok me av til venstre og følgde traktorveg snautt 100m fram til bru over elva. Denne dagen var elva flaumstor og det var naudsynt å nytte brua for å krysse elva. Me følgde traktorvegen vidare innover dalen og opp lia mot toppen. Eit stykke opp i lia var det slutt på vegen og me følgde skaret og bekken opp mot toppen. Nesten oppe dreidde med utover og kryssa gjerdet før me følgde ryggen opp på toppen av fjellet. Etter 458 m nærast rett opp fekk me ei flott utsikt over Årdals-bygda og utover fjorden, og mot fjella i aust og sør.
Me fann ingen sti, og turen var litt bratt og kronglete på toppen, men elles ein fin tur. Brukte omlag 1,5 time tur-retur Svadberg.