Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Hornet i pjuskeduskeregn

Date:
14.05.2017

Holahopp :-) Dette er ein finfin tur å drasse med både kjeringa og ungane. Vi kaurde bilen opp til eit lite gårdsbruk, tok av ved Sørland på Torheimsvegen. Dette hjalp mykje då ungane er 5 og 8 år, og såg brått kor høgt vi kom med bilen. Der vi parkerte gjekk det ei fin og slakt stigande rås inover i skogen, og ungane storkosa seg. Etter ei lita periode med brattare stigning kom vi fram til eit lite sel, her møter vår sti den som kjem frå Hamneset. Her tok vi og strompla innpå kvikklunch og appelsin, slik at resten skulle gå som ein leik. Vi gjekk oppover og stigninga er fin i høve den alderen våre ungar er på. Det som vart utfordringa er at sjølve toppen ligg bak nokre l"luretoppar", så ungane blei noko utolmodige i duskregnet. Då vi kom opp var stemninga stor, >>>

Map    

Vedviknibba var heilt i orden den :-)

Date:
22.02.2017

Hola hopp, dette var ein bratt topp :-) Turen gjekk frå sentrum av Leivdalen, det byrja med ein slak stigning i skogsveg, men etter ei stund følte eg raskt at dette var Stairway to hell. Det gjekk ofte i klatring, og det var sleipt og eg vurderte fjellvettregelen om å snu kvart femte steg. Likefullt staura eg meg opp i godt lag, og når vi kom over skogsgrensa vart det tusling i skaren. Dette gjekk overraskande greitt, og vi lukkast med å finne toppen :-) Vi skreiv oss stolt inn i boka, før vi brått og uventa kom på at vi måtte returnere ned skaren.... Vi gjekk, sklei på ræva og hoppa litt om eit anna, men pusta letta ut då vi entra skogen og snåflekkane blei langt imellom. Herifrå og ned handla det om å halde seg på beina og det gjekk greit. I ettertid har eg og klamra meg opp >>>

Map