Archive - Date
Archive - Activity
- Ski trip (1)
Favourite peaks
Skåla
- Date:
- 20.04.2013
Denne helga var for lengst satt av til å gå Josten på langs. Me skulle reise torsdag ettermiddag. Etter kvart som det nærma seg har værgudane vert imot oss. Været den siste veka har vert prega av flomvarsel, vind og store temperatursvingninger. Meldinga for lørdag var ikkje so verst, og sjølv om me innsåg at det kanskje var litt optimistisk valgte me å reise. Me skulle uansett på tur. Torsdag kveld reiste me derfor avgårde i 2 biler mot Fjærland. Me kjørte inn til parkeringen nedenfor Flatbreen og parkerte den eine bilen. Deretter kjørte me til Bødalen og oppover mot Bødalsseter. Rett før Tverrelva på ca 300 moh var det stopp. Her var det gått ras over veien. Det nærma seg midnatt og me rigga oss til med soveposer i bilen og overnatta. Det regna heile natta.
Me tok det >>>
Vassdalseggi
- Date:
- 16.03.2013
- Duration:
- 3:41h
- Distance:
- 6.9km
Denne helga hadde me planlagt ein overnattingstur i telt og ville samtidig ha med oss Rogalands høgste topp. Me parkerte ved Haukeliseter fredag kveld og la i vei med ski og pulk sørover i retning Vassdalen. Etter ca 5km slo me leir i sør-vestre enden av Kjelavatn. Det var 30-40cm pudder so dette kunne bli skikkelig morro.
Lørdag morgen vakna me opp til overskya vær og heilt blindt føre. Det var og litt vind. Drømmen om flott nedkjøring i pudderet var knust, men til topps på Vassdalseggi skulle me. Me gjekk innover Lisledalen og dreide sør-øst i det me passerte det små vatnet som ligg ytterst i dalen. Det var so godt som null sikt og det var ikkje heilt enkelt å finne beste og tryggaste ruta når me ikkje kunne sjå noko av det som var over oss. Me endte først opp i eit bratt heng >>>