Vassdalseggi (16.03.2013)


Duration 3h 41min
Distance 6.9km
Vertical meters 833m
GPS
Ascents Vassdalseggi (1,658m) 16.03.2013
Denne helga hadde me planlagt ein overnattingstur i telt og ville samtidig ha med oss Rogalands høgste topp. Me parkerte ved Haukeliseter fredag kveld og la i vei med ski og pulk sørover i retning Vassdalen. Etter ca 5km slo me leir i sør-vestre enden av Kjelavatn. Det var 30-40cm pudder so dette kunne bli skikkelig morro.
Lørdag morgen vakna me opp til overskya vær og heilt blindt føre. Det var og litt vind. Drømmen om flott nedkjøring i pudderet var knust, men til topps på Vassdalseggi skulle me. Me gjekk innover Lisledalen og dreide sør-øst i det me passerte det små vatnet som ligg ytterst i dalen. Det var so godt som null sikt og det var ikkje heilt enkelt å finne beste og tryggaste ruta når me ikkje kunne sjå noko av det som var over oss. Me endte først opp i eit bratt heng og måtte snu rett før me var oppe på ryggen. Me gjekk litt lenger vest før me tok oss opp mot topp 1431. Herfra var det berre å følgje eggen til topps. Sikten vart ikkje bedre og me måtte gå etter gps heile turen. På toppen blas det ca 15m/s og det vart eit kort besøk ved varden. Etter at litt bilder var tatt var det berre å følgje sporloggen tilbake. Me hadde fellene på skia langt nedover. Me såg ikkje til å kjøre eller til å ha kontroll på kvarandre før me nesten var nede i Lisledalen igjen. Det var litt irriterande med alt dette pudderet me ikkje fekk noko glede av, men ein ny fylkestopp var i boks. Nesten nede ved teltleiren fekk me satt nokre svinger i pudderet i det lyset bedra seg ei kort stund. Kvelden vart tilbringa i teltet med pannekaker og ein god cognac.
Søndagen var det og blindt føre og etter frokost pakka me pulkane og gjekk tilbake til Haukeliseter. På vatnet ved fjellstova var minst 30 kitere samla og leka seg i vinden. Etter ein kaffi på fjellstova satte me oss i bilen og kjørte heimover. Me kom ikkje langt før det vart stopp, det var kolonnekjøring mellom Haukelitunnelen og Austmannlitunnelen og me vart ståande over 2 timar inne i tunnelen. Men sånt rår me ikkje over og me har hatt ei fin helg på tur.
Med på turen var Mats, Jørn og Aina.

User comments

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by ThomasRS 18.03.2013 00:41

    Hei. Vi lå i telt telt på ei flate like under Kjelatind 15. til 16.03. Tipper det var deres telt vi passerte nedenfor med pulk i nitida, lørdag morgen. Utrolig tøft å bestige Vassdalseggi i det været. Flott artikkel!

    Forresten, hvordan var klima i teltet? Hadde dere fyringsvakt, og hva fyrte dere med. Mvh Thomas :)

    • -
      avatar

      Sv:

      Written by SÅH 18.03.2013 01:03

      Ja, det stemmer nok. Me såg nokon passere med pulk. Får vel ikkje bedre klima enn i telt ;-). Primusen putrer og går heile kvelden og vert sløkkt når me legg oss. Me bruker lampeolje eller bensin. For litt ekstra komfort om morningen tar eg fram ein gassboks som har vert i soveposen om natta og skrur på ein liten gassbrenner. Den fyrer eg i innerteltet ca 10 min, da er det fin temp når ein kryp ut av posen og evt rim på innerteltet er vekk. Nokre fleire bilder fra turen finn du her: http://www.utifriluft.com/Friluftslivturersommarogvinter/Vassdalseggi-170313/28475269_QmfLF3#!i=2412600152&k=fgpgP7B

      • +
        avatar

        Sv: Sv:

        Written by ThomasRS 23.03.2013 11:45
Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.