Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Storgrovhøe og Storgrovtind

Date:
31.07.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
10:19h
Distance:
13.7km

Flott tur i nydeleg vêr med Andrea og Frode til Storgrovhøene. Vi la i veg frå Ytterdalssætre retning Heimre Illåbrean, og det var uproblematisk å krysse Heimre Illåe på høgde 1275 der den deler seg i fleire småbekkar. Etter at vi hadde lagt Illågjelet bak oss, såg vi at det også hadde vore kurant å krysse elva oppe ved breen. Vidare la vi kursen vestover over eit par moreneryggar og inn på lettgåtte snøfonner oppover mot Storgrovhøe. Det var ei formidabel utsikt som åpenbara seg når vi kom opp på ryggen! Frå Fremste var det spesielt fin utsikt ned i Bøverdalen, og her trefte vi dei 3 einaste personane vi såg på denne turen. Lettgått på ryggen over til den 6 meter høgare Bakarste Storgrovhøe . Det var framleis tilnærma vindstille på toppen når vi sette oss ned for å nyte utsikta. Frode ville >>>

Map    

Styggehøtraversen

Date:
25.07.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
9:30h
Distance:
16.7km

Flott rundtur med Iver på Styggehøe i nydeleg sommarvêr. Vi kryssa Visa over ned nye brua ved Leirgrove og gjekk opp til den vesle breen på nordaustryggen. Vidare oppover breen, og så lett kliving det siste stykket til Ø2. Vi fulgte så ryggen vestover heilt til V2. Morsom, smal rygg nedover frå hovudtoppen og vestover med diverse småproblem, som er lett å omgå i sørsida. Spesielt fin er V0, som vissnok blir kalla "Ørnehodet" . Retur via kanten på Bukkeholsbrean og ned til Bukkeholet.

Map