Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.

Collected lists

Uranostind - sørryggen

Date:
26.09.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:30h
Distance:
16.3km

Burdagstur til Uranostind. Eg har lenge ynskt meg opp her frå då eg var på Falketind med bror for nokre år sidan. Det var særs lite snø for årstida, berre eit lite dryss som var fire dagar gamalt. Eg var difor nokså sikker på at sørryggen kom til å vera turr nok til å gå opp utan tau. Det at Apetor har gått opp sørryggen åleine er i seg sjølv ingen indikator på at det var trygt nok, men etter sumarens turar skulle vel dette gå. Eg køyrde på snaue tre timar heimante på Geilo til Koldedalen. Ingen skyer og snautt nok noko vind. Det var nokre få bilar i Koldedalen, men langt frå så mykje det kan vera. Eg brukte cirka to timar til sørtoppen og 2,37min til hovudtoppen. På skardet mellom sør- og hovudtoppen såg eg eit taulag oppover ryggen, som eg passerte. Fire trøndarar, >>>

Map    

Ein lang dag i Hurrungane

Date:
20.08.2025

Ti på halv fire kan eg med tryggleik seia at eg var det fyrste avgarde frå Turtagrø denne fine sumarnatt i juli. Eg tok meg noko betre tid opp til Skagadalen enn eg gjorde i fjor. Då sprang eg opp, men no skulle eg jo gå mykje lengre, so eg heldt meg til det jamne. To timar og ti minuttar seinare stod eg på bandet og byrja opp snøbakkane mot svaene. I fjor var det langt mindre snø her. På toppen av svaene såg eg folk koma etter meg på veg inn svaene. Eg såg ikkje folk før eg var på andre sida, i Mohns skard. So tok eg meg kring Hjørnet og såg dei historiske galleriene der Heftye, Melheim og Klingenberg fann vegen mot Heftyes renne 145 år tidlegare. Vel oppe på hylla under Heftye, Ullén og Vigdal var eg fast bestemt på å prøve meg opp Heftyes renne. Det var sanneleg ikkje >>>

Map    

Kveldstur til Venjetind

Date:
15.07.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:28h
Distance:
1,264.0km

Eg tok i veg denne varme julidag med ynskje om å gjennomføre ein ryggtravers over Venjetindane. Eg visste det ville bli noko drygt då det var sopass seint. Midtveges i bakken passerte eg ein triveleg danske som òg skulle opp. Det var grei og fin klyving mot toppen, ikkje for vanskeleg, og ikkje for luftig heller. Eg møtte eit klatrelag som hadde klatra vestruta om det sokalla drømmediederet, og såg fleire som gjekk der denne kvelden. På toppen låg det eit fuglekadaver som lukta stramt. Då torevêret nærma seg frå aust, var det berre å koma seg hurtig ned att, og avbryte traversen. Det slo ned i Kyrkjetaket og passerte nord for Isfjorden, men det var ikkje vits å opphalde seg so høgt når ein ikkje veit kvar det kan slå ned lyn. Fint fjell.

Map    

Morgontur opp Hornet

Date:
13.07.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:17h
Distance:
5.6km

Fridag frå snekring hjå tanta mi på Haramsøy. Varm natt i Venjedalen. 19 grader halv fire på natta. Det vart vel ikkje meir enn eit par-tre timas svevn, so då var det berre å koma seg opp. Eg har lenge tenkt på Romsdalshorn, og har late meg fascinere av soga om fyrstebestiginga i 1828. Det gjekk greitt oppover, og eg såg sola koma over Kyrkjetaket ved innsteget til klatringa. Om ein held tunga rett i munn og ser meir opp enn ned går det greitt. Eg gjekk jo åleine, og hadde med meg tau for rappellering, om eg skulle hamne feil ut oppi der. På to timar var eg oppe, Kilian brukar vel ein snau halvtime.. Her var det nokre syvsovarar som låg under open himmel. Det var ein nokso kraftig, men varm, austavind som ruva på toppen her. Det er jammen litt av eit syn å sjå dei to svære vardane >>>

Map    

Midtre Tverråtind, og Galdhøpiggen sørrenna

Date:
06.04.2025
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
9:04h
Distance:
21.8km

Siste dag til fjells enda med endå ein tur opp Svellnosbreen, for å få med meg Midtre Tverråtind, og kanskje innom Galdhøpiggen for å få prøvd meg på brattkøyring ned sørrenna. Jamne minusgrader gjennom mesteparten av døgeret, var det skarpt om morgonen, og noko mjukare utover dagen. Eg gjekk heile innmarsen på elva, då det var for snautt med snø i terrenget oppover til å gå meir direkte. Vel oppe på breen drog eg opp på Tverråsryggen ganske med det same etter å ha passert Solskinnstoppen. Her var det fram med stegjarn og isøkser. Siste partiet på breen er det ein skavl som brettar breen utover. Her er det nærast heilt vertikalt, men på godt føre med fast og fin snø var det ingen sak å ha gode tak her. Så følgde det ein halvkjip vandring i steinur lite snø mot >>>

Map    

Tverråtind

Date:
05.04.2025
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
6:15h
Distance:
18.3km

I starten følgte eg etter to karar som gjekk ganske langt opp i lia innover Visdalen men det baud på mykje av og på med skia. Det var ikkje så lett å sjå kor lite snø det var når ein kom nedante frå, men seinare gjekk eg nede ved elva, kor det så vidt let seg gjera å gå på snø heile vegen innover. Det verka som dei fleste turlaga tok seg innover mot Tverråbreen. Det var i alle fall ikkje mange som var på Svellnosbreen i dag. Det var rimleg greit å sjå kvar ein skulle gå, og ikkje gå med tanke på sprekkar og slikt. Formen var ikkje alle tiders i dag heller, men med ein del pausar gjekk det no på eit vis. Isøks og stegjarn tok over for skia, midtveges opp Store Tverråtind. Fin topp dette. Sikkert mogleg å gå på ski heile vegen ved gode forhald. Fekk òg med meg nørdre >>>

Map    

Tverrbottindan

Date:
04.04.2025
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
6:00h
Distance:
13.5km

Litt kjei form. Vart ein del små stopp. To karar før meg heile vegen, eine av dei gjekk opp på Vestre Tverrbottind 2113, men det kravde ein del meir av ein, då det var noko meir eksponert og i halvdjup snø. Ikkje umogleg, men eg hadde for lite futt i kroppen til å orke, so det vart med fortoppen i dag. Eg gjekk igjennom med den eine foten i ein bresprekk mellom Leirløyfte og Søre Ilåbreen som var dekt med eit tunt snølag. Ein tankevekker. Her er det fleire som har sett seg fast. Ein trønder sette seg fast her for ikkje så lenge sidan, og vart redda av sekken som hang att. For endå fleire år sidan var det ein kar som hamna mykje lenger ned, og berre fekk redda seg då han så vidt rakk å sende koordinatane til naudetatane før telefonen døde. Nedkøyringa frå leirløyfte var >>>

Map    

Skagastølsryggen

Date:
30.07.2024
Characteristic:
Alpine trip
Duration:
9:18h
Distance:
19.6km

Endeleg var det tid for å gje meg i kast med Storen. Eg hadde tenkt på korleis eg best skulle nå toppen, og enda med å prøve meg gjennom Skagastølsryggen. Eg nådde opp til NTK-hytta på ca. 50min., og 2t og 10min opp til Nørdre. So var det berre å koma seg vidare på ryggen opp til Skagastølsnebbet og the point of no return. Vêret starta skyfritt, men tetta seg til med eit drivande, laust skylag gjennom stort sett heile turen. Eg merkte då eg gjekk bortover ryggen, og hadde forsert V-skardet at blodet bruste og hjarta pumpa godt; eg var i ein draum eg hadde bore på lenge. Like føre Vetle titta Storen fram iført eit slør av skodde, noko av det mektigare ein kan bivåne. Mellom Vetle og Mohns skard brukte eg over ein time då eg surra med å finne passasjen på nedsida av Vetle, >>>

Map    

Riingstind

Date:
15.05.2024
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
5:28h
Distance:
17.4km

Ein varm dag med noko bering av ski i starten, men greitt føre inn Ringsdalen. Fast og fint opp til breen, og føreskifte då eg møtte sola att mellom Midtre og Store. Under Midtre (like nord) gjekk eg over eit skred. Eg skulle eigentleg innom Midtre, men sleit slik med gnagsår som berre hadde forverra seg frå gårsdagen, so det held med Store. Eg vart passert av ein annan telemarkskøyrar opp bakken til Store. Opp det sokalla toppstøytet til Store Ringstind var det veldig laus og roten snø. Framifrå nedkøyring kor eg fekk øvd på telemarksnedslaga.

Map    

Smørstabbtur

Date:
14.05.2024
Map