Her har vi nettopp statet å gå frå bilen. Ser både Tjønnholsoksle, Tjønnholstinden, Steinflytinden og Høgdebråtet i det fjerne....
To ordnt'lige 2000 meter toppar i dag. Tjønnholsoksle 2145 moh og Tjønnholstinden 2331 moh
Vi har gått 32 km og vore på tur i 13 timar og gått 1789 høgdemeter...... med andre ord, ein vaksen tur.
Køyrde frå Lærdal med bubilen i går. Parkerte på valdresflye, ved Heimdalsmunnen.
Det var utgangspunktet for turen vår i dag. Gjekk rett frå parkeringa, opp vest for Raudhamran.
Her er vi kommet litt opp i skråninga.....ser videre innover Leirungdalen.
Gjekk inn Leirungdalen. Kryssa Leirungsåe ved Tyskerplassen. Måtte vade og vart våt på beina, men det gjekk bra. Gjekk oppover og kryssa Tjønnholsbekken heilt oppe på flata. Dreia mot venstre og følgde den vestlegaste av ryggane opp til Tjønnholsoksle.
Ser ruta videre....skal no ein del ned....før vi skal vider opp over 300 høgdemeter att....var ein del nysnø innimellom steinane, som gjorde det tungt å gå.
Siden vi skulle gå heilt tilbake til bilen på Valdresflya valgte vi å ikkje gå videre til Steinflytinden....tok det tryggaste valget og returnerte samme veg, siden vi visste at vi hadde knapt med tid før det mørkna.
User comments