Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Gråhorga fra Innbjoa til Eikås

Date:
17.04.2020

Ca. 4 timer på tur i perlevær, fra parkeringa på Leite ved Innbjoa til parkeringa ved Kolbeinshauglia ovenfor Eikås. God mat- og kaffipause på toppen, i le for en liten trekk fra nord. Fint faunainnslag av bl.a. årets første gransanger.

Map    

Geitatørne og Urhaugane frå Preikestolhytta

Date:
07.04.2020

Dette var planlagt som ein kombitur til to gjenverande toppar inne ved Hengjane, nemleg den siste på pf≥100m lista for "nye Strand" og den siste sekundærtoppen min av noko betydning i Jørpelandsheia. Både Geitatørne og Urhaugane ville kreva stilaus bushing og dermed orientering, og finver var derfor ein forutsetning. Dette området er heller ikkje lett framkommeleg og dessutan med store høgdeforskjellar. Med det nylege snøfallet dei første aprildagane var det óg viktig at det ikkje var att for mykje snø i høgda, og då det vart eit par fine og varme dagar tidleg i påskeveka, var tida inne til å prøva. Det gjekk på hellelagd "motorveg" til Neverdalskardet, så på den gamle og nå T-merka stien ned i Neverdalen. Det var ein kjøleg, men flott vårdag, og det >>>

Map    

Geithaug, Aurfjellet og Medfjellsvarden frå Blikshavn

Date:
04.04.2020

Sein ettermiddagstur med Solveig frå Blikshavn og heim palmelørdag. Om lag 10 km og 2 ¾ timar på tur med ein kort pause. Skremde opp 5-6 enkeltbekkasinar inkludert ein i speleflukt, dessutan årets første jernspurv.

Map    

Toppraid i nordre Strand #4

Date:
29.03.2020

Det var meldt godver frå morgonen, med fare for snøbyger tidleg om ettermiddagen. Med ein del snø i høgare lende i Jørpelandsheia, passa det godt med tur i snøfrie Holtaheia. Når ein planlagd rundtur om Svoå og Lauvåsen var ugjort, var det berre å hiva seg rundt. Sykla inn til Lauvåstjødna frå parkeringa i Holtaheia og fann etter kvart merka sti opp til stupkanten på Svoå. Det var sjølvsagt kanonutsikt mot Tysdalsvatnet og Krossen/Reinaknuten herifrå. Men Svoå er såpass avrunda mot stupet at det vart hakket mindre dramatisk enn eg hadde trudd og håpa på. Fekk med meg toppunktet på Svoå og tok så peiling på Lauvåsen med mål om å mista minst mulig høgde. Kom etter kvart bort til den merka stien her óg, og følgde denne enkelt til topps på den mest prominente toppen >>>

Map    

Kyrkjenuten fra Seljestad

Date:
21.03.2020

Kjempefin tur til topps i Sauda i enestående vær- og snøforhold. Vi var til sammen seks som fulgte normalvegen fra Korlevoll via Dyrskarvatna, og denne dagen var vi nok de eneste som kom til topps. Det var store snømengder, men ikke veldig tungt å gå; takk likevel til de som gikk foran og tråkket spor den lange vegen! Pga. virussituasjonen var det ikke kjørt løyper i høyden. Det var også fin sporsnø, og vi såg spor etter både rein, hare, rev, smågnagere og ryper. Sistnevnte såg vi også beitende på småbjørk ovenfor Korlevoll. Det er en lang tur, men høydemetrene kommer veldig finslig. Det mest krevende er nok at oppstigningen fra nord er så drøy, og man ser liksom "aldri" toppvarden. Denne dagen var varden helt plastret i snø og is, men med tilnærmet pudder >>>

Map    

50 år på Heiahodnet!

Date:
16.03.2020

50-årsdag og dagen fri for tur, og det måtte bli i Jørpelandsheia! Etter strålande vermelding og ditto flott morgon i ytre strøk, var det skuffande grått og lågt skydekke innover i Ryfylke. Ved Liarvatnet fall valget på Småsilhodnet om Småsildalen, mest fordi hodnet akkurat kikka fram frå skodda. Trass i at det truleg var mykje snø på nordsida av hodnet, let eg skia vera att i bilen, snøfritt som det var i alle fall til 550 moh. Ved Liarvatnet kom det ein heil sverm gråsisik som "surra" nesten som sidensvans, men sjølvsagt mykje mindre og ikkje til å forveksla. Fint men vått innover dalen, og kom opp i snøen der stien brekk over kanten. Herifrå og vel 100 hm vart det tung snøvassing med mange gjennomslag, før eg kom opp i meir avblåst lende med hardare snø. >>>

Map