Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
Lieblingstouren
- Frå Liarvatnet til Hengjane om Longavatnet og
- Lodalskåpa fra Bødalssætra
- Austanbotntindtraversen fra Berdalsbandet
- Jiehkkevárri fra Indre Holmbukta, høyest i Troms
- Travers av Skardstind (vest til øst)
- Hinnåtefjellet, Semeltind, Hellstugutindar fra V.
- Folgefonna, Etne og Kvinnherad
- Knutsholstindtraversen fra Torfinnsdalen
- Travers av Nordre Maradalstindar og
- Store- og Midtre Ringstind fra Ringsdalen
Lieblingsgipfel
Longavatnet på ski frå Liarvatnet
- Datum:
- 16.01.2021
Flotte snøforhold og islagt Liarvatn alt i midten av januar er lenge sidan, og sjølv om vatnet ikkje var "godkjent" av Folkehjelpa, tok me sjansen på å gå over. 10-15 minusgrader sidan nyåret borga for kvalitet, og det var spor etter folk etter fleire dagar med framifrå ver. Me visste at det ville bli seriøst trafikkaos i Dalen denne lørdagen, og starta derfor alt i 9-tida. Det var meldt tilskyande og med aukande vind, men det starta upåklageleg med skyfritt, stilt og 10-12 minusgrader.
Det var gode spor inn til Grimsli, men fleire stader med ekkelt overvatn på isen. Gildt å vera her inne att, og med tilnærma julekortstemning med snø på trea. Det var som venta spor oppover til Forenesvatnet, men overraskande få hadde gått før oss, det skulle visa seg å bare vera >>>
Fagerlinuten og Kaldheimshovda frå Kritle
- Datum:
- 03.01.2021
Årets første skitur i strålande solskin. 5 kuldegrader nede i Etne, så truleg 10 ved turstart. Fine snøforhold, men litt tynt nede ved parkeringa. 3 timar på tur.
Årets fineste turer 2020
- Datum:
- 31.12.2020
Årets 5 fineste turer, kronologisk.
1: Skeia via sørvesteggen , pinsetur i Jotunheimen med karane minus Ola
Link til turbeskrivelse dag 1 og turbeskrivelse dag 2 og 3 .
2: Snøhetta , sommertur på Dovrefjell med jentene
Link til turbeskrivelse .
3: Stetinden (Stàdda) i Tysfjord , sommertur i Nord-Norge med karane
Link til turbeskrivelse .
4: Jiehkkevàrri, høyest i Lyngen og Troms , sommertur i Nord-Norge med karane
Link til turbeskrivelse .
5: Austanbotntindtraversen , sommertur i Jotunheimen med guide
Link til turbeskrivelse .
Toppane i Strand kommune med pf≥100m
- Datum:
- 31.12.2020
Bestigningane mine av dei 41 toppane i Strand kommune med pf≥100m, kronologisk.
Lista vart fullført 7/4-2020 etter bestigning av Geitatørne ved Hengjane.
Skrifta er utheva for toppar som før tilhøyrde Forsand kommune, til saman 7 toppar.
a) Småturar i nærområdet rundt Jørpeland med mor og far, gjerne kombinert med bærplukking
1977: Førlandsåsen og Tunglandsfjellet (alfabetisk)
1982: Moslivarden
1984: Longaberg
1985: Barkafjellet
b) Lengre turar i Jørpelandsheia med mor og far, gjerne kombinert med fuglekikking
1987: Revafjellet
1988: Godlifjellet, Hesten, Homsknuten, Kjortåsen, Skjørbu, Tibergfjellet og Øykjafjellet ved Dalen (alfabetisk)
1989: Heiahodnet
1990: Gryteknuten og Krossen
1992: Tårnfjellet
c) Småbarnsperioden
1998: Våmulen
2007: Øykjafjellet ved Kalddal
2009: Krossfjellet
d) Forsiktig start >>>
Storesåt, N. Sålefjell og Skrivarvarden frå Liarlund
- Datum:
- 31.12.2020
Toppraid i nordre Strand #8
- Datum:
- 27.12.2020
Kort og fin avslutningstur på pf≥50m lista for nordre Strand, dvs. dei 24 toppane nord for aksen Tysdal-Tau. Først Bjødnåsen frå aust før Velandsåsen frå nord; høveleg tur i vått romjulsver, ein snau time på tur inkludert kjøring mellom toppane. På veg heim om Tjøstheimlia såg eg ein sjeldan og drivkvit krabat, nemleg ein røyskatt eller meir sannsynleg ei snømus fordi ho var så ørlita. Jammen ikkje enkelt å klara seg med snøkvit pels i låglandet i våre dagar!
Toppraid i søre Strand #4
- Datum:
- 22.12.2020
Fin ettermiddagstur med utgangspunkt frå Stemvegen ved Bergsvika. Først greit opp på Nedrafjellet der eg fann fjellbolten på høgaste punktet i nord, etter først å ha vore på sekundærtoppen lenger sør. Støkte óg opp ein hjort, og var tilbake ved bilen etter ein god halvtime.
Så gjekk eg inn vegen til Berge og busha bratt opp på Askjeliåsen frå vest. Her fann eg ein av få mulige trasear opp ei bratt renne, og så i kne-og skritthøg mose og lyng; kunne hatt god nytte av truger her! Fleire mulige toppunkt, bl.a. ei diger flyttblokk som truleg var høgast.
Retur same veg ned det brattaste, og så eit stykke på traktorveg i retning Iglåsen. Greit opp frå (nord)vest her óg, og igjen fleire mulige toppunkt inkludert ei stor flyttblokk. Retur gjennom gardstunet på Berge og tilbake >>>
Toppraid i søre Strand #3
- Datum:
- 12.12.2020
Flott desembertur frå toppen av Leviksbakken til 4 toppar på pf≥50m lista for Strand, snaue 3 timar ute. Først bratt opp stien mot Sokkaknuten før eg tok av nordvestover, så bratt ned og opp mot Varen frå sørvest. 1 time til topps og som venta framifrå utsikt til alle kantar. Vidare til Viddasfjellet på 15 min før retur same veg.
Stakk så oppom Levikåsen (1 time frå Viddasfjellet) før eg tok med meg Høgås på den andre sida av vegen (30 min. frå Levikåsen). Her gjekk eg på ein hjortejeger som låg på post på toppen, så det vart ikkje tid til å ta bilde. God bruk for GPS for å finna toppen her pga. det flate platået. Det vart mykje opp og ned på denne turen, snaut 750hm til saman.
