Naganibba og Svartavassknuten frå Liarvatnet (12.05.2019)
Ascents | Naganibba (747m) | 12.05.2019 |
---|---|---|
Aust for Naganibba (748m) | 12.05.2019 | |
Svartavassknuten (669m) | 12.05.2019 |
Maitur i Jørpelandsheia står høgt på lista, og denne gangen skulle Svartavassknuten til pers, etter 1 ½ forsøk i fjor. Flott vårver, men kaldt og vindfullt i høgda. Inn Småsildalen og opp på sørsida til Nagaheia. Så bratt opp normalvegen til Nibba, kor det var førsteklasses rundskue som vanleg.

Etter ein god matpause med nykokt kaffi i fint le, gjekk vegen austover høgdedraget og oppom den mindre markerte hovudtoppen; heile 28 år sidan sist eg var her! Krokavatnet let seg beundra med alle sine viker, før me la vegen bratt men greit ned i skardet mot Svartavassknuten. Her kom sjølvsagt mange kjente toppar og vatn til syne; med Godlifjellet, Bratteliknuten, Gryteholstjødna og Svartavatnet som dei viktigaste.
Nede av bratta snåva me nesten over det som såg ut til å vera ein enkel husgrunn, truleg av Svinastølen som skal ha lege her inne. Herifrå gjekk det over den vesle kollen som vert kalla Finntopp, og ned endå ei ups før me faktisk fann ein brukbar sti enkelt til topps på Svartavassknuten. Det var praktfull utsikt nordover mot Øyavatnet, Holmavatnet og Liaknuten, medan det var litt mindre bratt og dramatisk sørover mot Svartavatnet, Bratteliknuten og Godlifjellet.
Det vart ny matpause før me valde å returnera same veg til skardet og så via stien langs Store Nagatjødna og same veg ned Småsildalen. Ein framifrå tur i flott vårskog i høgda, sikkert to veker seinare enn ved fjorden, med innslag av løvsangar, heipiplerke og ringtrost. Det var overraskande mykje elgskit ved skardet under Svartavassknuten, så det må vera ein brukbar elgstamme her inne. Til saman 6 ½ timar på tur.
User comments