Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

I haven't joined any lists yet.

Gullmorhornet juli 2013

Date:
29.07.2013
Characteristic:
Hike
Duration:
6:30h
Distance:
14.8km
Map    

Trollkyrkja juli 2013

Date:
24.07.2013
Characteristic:
Hike
Duration:
10:00h
Distance:
8.2km

Endelig skulle eg og Geir kome oss på tur i lag. Valget falt på Trollkyrkja og vi la i veg frå Fet kl 1330. Temperaturen viste 24 grader og det var ikkje ei sky på himmelen. Det gjekk seint oppover skogen. Vatnet under breen var utrulig forfriskande etter at sola hadde varma opp vassflaskene på veien. Traff tre andre som hadde vore på toppen. Og litt etterpå vart vi tatt igjen av en som hadde vore på rundt på Ljøsabreen. Geir hadde ikkje lyst å klyve siste meterane til toppen so det vart eg og han frå Ljøsabreen vart nr 4 og 5 på toppen den dagen. Det vart seine kvelden før vi var nede på Fet.

Map    

Urfjellet juni 2013

Date:
23.06.2013
Characteristic:
Hike
Duration:
5:00h
Distance:
14.5km

Tåke og duskregn men det var tydelig at sola skein over tåka, so det var lett å bestemme seg for fjelltur. Start frå sætrevegen på Straumgjerde. Det var visst motbakkeløpet "Opp på Bruna" denne dagen, så det var folksomt oppover. Første trimpost på Brune - her er det om å gjere å snike med seg flest mulig trimpoeng på vegen - i regi av Velledalen IL. I Osen på Langeneset er det Turvandraren i Sykkylven og Vik IL som har trimpost...I Straumsbotnen er det fint å raste litt, med benkar ved vasskanten. Urfjellet stikk sporadisk fram frå tåka. Frå Straumsbotnen byrjar den virkelige stigninga. Først opp på Koppen (som er trimpost for VIL) så til Svadfjellet der det må fyllast på med meir brensel. Siste stigninga opp mot Urfjellet er utrulig dryg! Kjente godt at eg >>>

Map    

Stokkfonntinden juni 2013

Date:
21.06.2013
Characteristic:
Hike
Duration:
3:00h
Distance:
4.8km

Ettermiddagstur attmed Ole Bjørn. Ferdig på jobb kl 14, avgårde 1445 frå Erstad. Bil heilt til Storevasshytta gjorde dette til ein kort tur. Parkerte ved enden av vegen ca 1500. Tåka låg tjukt over heile Storevassgryta og ga ingen lovnad om utsikt. Vi gjekk i tåke på skrått oppover mot botnen under Synnavindsnipa, men uten sikt så vant vi for lite høgde og endte opp med unødvendig klyving opp våte svaberg. Botnen og videre opp var dekt av delvis råtten snø, men vi kunne såvidt skimte Stokkfonnskaret slik at retninga kunne leggast ditover. Vi kom fort inn i tjukkare tåke og gjekk rett på det lille massivet som utgjer Stokkfonntindane. Det gjorde imidlertid ingenting for når vi først såg tindane kunne vi følgje ei bratt snørenne heilt til topps. Klyving i toppområdet. >>>

Map    

Keipen juni 2013

Date:
16.06.2013
Characteristic:
Hike
Duration:
6:00h
Distance:
15.7km

For ein gongs skuld var det fint ver under Sykkylvsdagane. Alt dugnadsarbeidet var unnagjort dagen før, so søndagen skulle brukast til ein fjelltur. Optimistisk nok gjekk eg rett opp gjennom Gaddeskogen. Eg gløymer kor ugjennomtrengelig buskaset er for kvar gong...Men etter to timar med basking står eg på Gjerdekollen og kan ete niste. Opp på Storfjellryggen er det enkelt med litt småklyving. Videre mot Keipen legg eg merke til at tåka kjem inn frå havet. Eg er redd dette kan bli tredje forsøk på Keipen uten å få utsikt. Når eg kjem dit ryggen blir til ein kvass egg har allereie tåka samla seg runt hovudet mitt! Eg hadde også gløymt kor kvass og luftig denne egga er, men det er enkelt å klyve egga til topps. Eg er heldig å få glimt av utsikt gjennom opningar i tåka. Ned >>>

Map    

Pinsetur til Gjerdekollen

Date:
20.05.2013
Characteristic:
Hike
Duration:
3:00h
Distance:
11.4km

Steikjande sol! Då var det greitt å ta oppstigninga frå Riksheimdalen og opp gjennom Gaddeskogen som ligg i skugge mesteparten av dagen. Var ganske sikker på at det skulle gå greitt å gå den vegen då eg har gått den på ski før. Var raskt oppe på flata der eg fann ein bra sauerås som førte rett til toppen. Fjøre til fjells hadde vore der og plassert ei fjøl, noko som vil føre til at Gjerdekollen blir godt besøkt i år, noko som toppboka (som også er nytt) kunne bekrefte. Valgte å gå ned mot Straumsheim og for ein gongs skuld fann eg råsa, som var merka godt....På Straumsheimsætra traff eg ei som venta på resten av reisefølget sitt, dei skulle også opp til kollen. Og litt lengre nede traff eg på ikkje mindre enn to andre reisefølger med Gjerdekollen som mål. Like >>>

Map    

Skopphornet mai 2013

Date:
18.05.2013
Characteristic:
Snowshoe trip
Duration:
4:00h
Distance:
10.5km

Lenge sidan sist eg var over 1000moh, så det var vel på tide! Eg la avgårde heimeifrå kl 1345 etter å ha brukt morgontimane på å leite etter solkrem. Det var 25 grader ute så antrekket blei shorts og t-skjorte. Det blei tidlig klart at snøsmeltinga var godt igang då eg såg Tverråna kaste seg nedover skogen i voldsom støy og sprut! Oppe ved skoggrensa delte elva seg i fleire løp nedover småkrattet. Snøen dekte delvis elveløpa og krattskogen var tett der det ikkje var snø, så løysinga på det problemet var å balansere seg opp midt i elveløpa og håpe eg ikkje tråkka gjennom. Det gjekk bra med unntak av ein gong, men eg slapp å få skoa fylt med vatn. Det skulle dei bli på returen i stadenfor. Snart var eg på tørt land i steinura på Erstadfjellet og kunne uten vidare >>>

Map    

morgontur på Tjønesfjellet

Date:
15.05.2013
Characteristic:
Hike
Duration:
1:00h
Distance:
2.5km
Map    

Tjønesfjellet april 2013

Date:
29.04.2013
Characteristic:
Hike
Distance:
8.6km
Map    

Erstadfjellet/Skopphornet februar 2013

Date:
10.02.2013
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
6:30h
Distance:
11.2km
Map