Archive - Date
Archive - Activity
-
Trip by foot (1)
- Hillwalk (1)
Opp- og ned- og opp og ned: Aksla - Blåveggen og litt lengre
- Date:
- 15.07.2016
Starta frå Skogsveg (ca. 200 m.o.h.) ova i Vik ved Ålfoten. Opp til Aksla. Der ifrå og opp forbi Blåveggen måtte vi nedover tre gongar i ulike skar (ca. 50 + 60 + 50 høgdemeter). Snudde på ca 890 m.o.h. rett før siste bratta opp mot Kårnyken, som var veldig bratt. Det var vått i graset og på berga, skodda låg på Isane-sida og beina var ikkje heilt pigge, så vi tok ikkje sjansen på at vi muligens kunne ha fere alt for fort ned igjen den bratta :-O Ikkje kjekt å snu, men viktigast å komme heilskinna ned att. Gikk ned att på Isane-sida. Flott tur og utsikt :-D Men vel nok ei anna rute neste gong Kårnyken er målet.
Dunheia
- Date:
- 08.11.2015
Gikk opp frå Kvilestøylen (parkerte nedanfor ein bom ikkje langt nedanfor Kvilestøylen). Grei rås å følgje opp til Tistamskaret. Vidare var det berre å følgje ryggen mot Dunheia. KALDT på toppen, men fin tur :)
Morafta / Berdalsegga og Sessegga
- Date:
- 06.08.2015
Første bildet: Berdalsegga. 1145 m.
Andre bildet: Ved Sessegga. Utsikt mot Blånibba (Gjegnen).
Tredje bildet: Luftig utsikt ned mot Berdalen og Traudalen.
Starta ved Ryggjastøylen. 1 t 25 min opp til Berdalsegga (pust- og pes-tempo:)
Fint å gå vidare bakover til Sessegga. Fast snø å gå på bakover (gjekk på stein inn i mellom).
Kveldstur på Revjehornet
- Date:
- 20.07.2015
Flott tur på Revjehornet. Mykje hav å sjå!
Gjekk opp frå snuplassen langt ute i Borgundvågen.
Høgefjellet/Sagtindane
- Date:
- 09.07.2015
Kaldt på toppen, men fin tur. Besøket mitt frå Oslo var superfornøgd med utsikta sjølv om lavt skydekke hindra oss i å sjå dei høgste toppane.
Furehornet
- Date:
- 15.03.2015
Utsikt frå Hornet ned til Ytre Fure.
Utsikt mot Fureneset og Kråkeneset.
