Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Feltarbeid - Grødalen

Date:
02.08.2015
Characteristic:
Hike
Map    

Nevelfjell

Date:
08.06.2013
Characteristic:
Hike
Duration:
1:42h
Distance:
7.3km

Denne helga skulle eg eigentleg springe Birken.. Eit par veker før greide eg å dra på meg ein strekk i låret på ei buldreøkt, og valde difor og stå over. Men eg blei likevel med nedover til Lillehammer for å heie på andre, og for å besøkja søstersen. Måtte jo sjølvsagt også benytta sjansen til å vitja ein av Noregs kremtoppar: Nevelfjell. Etter å ha heia i mål alle Birkendeltagarane sette vi oss i bilen og dura oppover til Nordseter. Litt trugande skydekke, men fin temperatur så vi la i veg. Flott "motorveg" av ein stig bortetter mellom Reinsvatn og Nevelvatnet. Setrete og fint heilandskap, med godt utsyn utover mot Sjusjøen, Mjøsa og sørover Austlandet. Nesten oppe på toppen byrja nedbøren og koma sigande i form av hagl. Med litt strid sidevind blei det rett >>>

Map    

Sjåvidthøgda og Jervfjellet

Date:
26.05.2013
Characteristic:
Hike
Duration:
3:58h
Distance:
12.7km

Sykla heimafrå litt før 09:30 oppover til Jonsvatnet og forbi heilt opp til Saksvikvollen. Sykkelturen opp tok meg litt over ein og ein halv time, så eg var klar for tur ca 11. Hadde tenkt at turen opp på Sjåvidthøgda skulle vera ein kjapp avstikkar på turen til Jervfjellet. Hadde grei vegbeskrivelse frå geocachen som ligg der oppe. Det gjekk til å byrje med særs bra, eg tok til høgre der vegbeskrivelsen sa eg skulle ta til høgre. Plutseleg kom eg til ein bratt berghammar der stigen på gps'n var særdeles ubestemt (frikart, det er nok som tyder på at vedkommande som har tegna inn stigen her har virra litt fram og attende ved berghammaren og lagt ut heile sporet sitt). Eg valde her å gå til venstre, og fant etterkvart ei berghylle eg meinte det skulle gå an å krafse seg opp, >>>

Map    

Bispberget via skåre

Date:
19.05.2013
Characteristic:
Hike
Duration:
5:28h
Distance:
9.6km

Denne helga hadde eg, Leif Erik og Andreas planlagt tur til Holåtindane. I fylgje kjentmann og fjellfant onkel Per skulle føret vera omlag på sitt beste no i mai, og ei tid verka langtidsvarselet å halda med han i det. Men omlag ei veke før avreise skjedde det. Yr byrja å vingle, gråvær, snø, sol, finvær, gråvær.. Nokre dagar før helga kom det store mengder snø på eit døgn, før varmværet slo inn. Ja, det bikka ikkje eingong kuldegrader om natta inne ved Holåbreen. Utsiktane var dystre, og det gjekk nokre telefonar fram og tilbake før vi valgte å fylgja fjellvettregel fem, og høyra på erfarne fjellfolk (Onkel Per) og leggja turen på is.. Kva skulle vi gjera no? Ein ny telefon til onkel Per, og vi hadde avtale om å gå tur over Bispberget og sjå etter lapprosa. Etter >>>

Map     2 comments

Sundagstur til Herbernsheia og Stadsheia

Date:
05.05.2013
Characteristic:
Hike
Duration:
1:53h
Distance:
5.0km

Ny topp på Trondheimslista. Har tenkt på denne turen ei stund, og no byrjar jo snøen å gå så det er litt lettare å koma seg rundt i marka igjen. Nevnte turen for Andreas som hadde litt lyst til å ta med familien, men med liten unge var han ikkje heilt sikker på været. Søndag morgon fekk eg melding om at dei ville "ligge litt på været". Yr.no sa det ville skine opp i 10-tida og eg stola blindt på det. Etter ein lengre sundagsfrokost pakka eg sekken, og var klar for tur. Det peip i telefonen og Andreas ville også bli med. Fekk det litt travelt med å koma meg opp til Byåsen butikksenter i tide, men med litt ekstra sprut i sykkelpedalane ankom eg som avtala "litt før 11", altså 10:59. Vi kjøyrde inn til Tømmerdalen og parkerte. Herifrå fulgte vi vegen innover. >>>

Map    

Besseggen

Date:
16.07.2012
Characteristic:
Hike
Duration:
6:36h
Distance:
14.7km

Eg og Nina hadde i lengre tid snakka om at no burde vi jammen snart få gått Besseggen. Etter å faktisk ha rota meg litt meir ut i marka, samt sjølvsagt turen til Kilimanjaro, hadde turlysten min auka dramatisk etter å ha lege daud i nokre år. Og no stod Noreg's nasjonalikon for tur. Ingen av oss hadde gått den før, sidan vi var tøffe og fra bygda så heiter det jo "Kven har lyst til å gå i kø over Besseggen, når det finns så mange andre fine turar og gå?". Sumaren skulle vise seg frå si vrangaste side, og været på yr.no viste for det meste regn, overskya og meire regn. Likevel var det EIN finværsdag å skimta. Denne låg konstant ei veke fram i tid, så vi byrja å bli usikre på om vi skulle få gått denne turen i det finværet den fortjente. Da tida nærma seg, >>>

Map    

The great geocache run

Date:
06.05.2012
Characteristic:
Hike
Duration:
3:15h
Distance:
8.4km

Etter fem år i Trondheim, oppdaga eg plutseleg Bymarka. Eg veit ikkje heilt kvifor eg ikke har vore så mykje på tur her. Andre aktivitetar som studie, kampsport og quiz har fylt tida. Dei turane eg har vore på har enten vore heime i Skjåk, eller i Estenstadmarka. Skal ein dømme turlendet rundt Trondheim etter Estenstadmarka så er det klart at ein fort mistar litt piffen. No skal det seiast at eg har vore utallige turar i Korsvika og langs Ladestien, så heilt stille har eg ikkje vore medan eg var i byen denne perioda. Bymarka var likevel merkeleg nok eit ubeskreve blad. Men så byrja eg med geocaching, og plutseleg byrja faktisk turinteressen å koma sigande tilbake. Da snøen byrja å gå i mai var det difor på tide å ta seg til Bymarka for å greva opp eit par cachar, og å utforske >>>

Map    

Kilimanjaro via Rongairuta

Date:
11.02.2012
Characteristic:
Hike
Distance:
70.5km

Prolog Det var ein haustdag i 2011 da haustdepresjonen byrja å setja inn at eg såg Kilroy hadde bursdag denne dagen og feira med å gi gode rabattar på alle turar bestilt denne dagen. Eg hadde reisefeber og den einaste kuren eg kom på var meir reise. Eg sprang sporenstreks bort til sjefen og spurte "Når kan eg tidlegast få ferie i 2012?". Vi blei enige om at byrjinga av februar skulle vera greit. I lunsjen sykla eg ned til Kilroy og nokre få timar etter at eg såg annonsen hadde eg bestilt meg spontantur.. Til toppen av Afrika, Kilimanjaro! Dag 1: Moshi "And on your left side, you can now see the Kilimanjaro" sei piloten. I neste sekund gjer han eit svalestup som føles som om det sveiper veggen på dette gigantiske massivet som reiser seg frå sletta under oss. Eg sit >>>

Map    

Liaåsen

Date:
13.08.2011
Characteristic:
Hike
Distance:
10.0km

Tur for å bli betre kjent i Estenstadmarka. Hadde ikkje bevega meg stort i den austlege delen før. Strålande ver, så eg pakka med meg kaffe, niste og GPS og for på geocach-jakt. Delvis blaut stig etter at eg bevega meg ut av hovudfartsåra rundt dammane og vegen til Estenstadhytta. Flott utsikt over byen opp frå Styggdaleni bakkesida av Tomsetåsen. Tok meg ei matpause ved den gamle gruva i Rammdalen, før eg satte inn toppstøtet. Må nok innrømme at utsikta herifrå var ganske skuffande. Det var i det store og heile ein skogkledd ås det var vanskeleg å skjøna kor toppunktet var. Tusla meg ned same veg som eg kom, litt betre kjent i også i dei austlege delane av Estenstadmarka. PS: Har vore her ved fleire anledningar seinare, og vil påpeike at på kveldstid vinterstid er det ein >>>

Map    

Gunung Batur

Date:
16.07.2010
Characteristic:
Hike

Del av gruppetur i Sørøst-Asia med G Adventures. Overnatta på hotell i den vesle fjellbyen Kintamani. Klokka kvart på fire stod vi opp, og møtte guiden vår (Det er ikkje lov å bestiga fjellet utan guide..). Vi tusla oppover med hovudlykt og litt varmare klede enn det ein vanlegvis forbind med Bali. Turen opp tok omlag 2 timar, og baud ikkje på all verdas utfordringar. Kraterkanten var nokre stader litt kronglete og smal, med eitt steg om gongen er ikkje det store problemet. Det er likevel verdt å nevna at de ter greit å vera forsiktig her: Ein svenske hadde hatt max uflaks her eit par månadar tidlegar da han ramla ned i krateret og omkom. På toppen sneik guiden vår oss forbi ei stor ansamling turistar til ei meir avsidesliggande hytte, der vi sat og venta på soloppgangen. Soloppgangen >>>

Map