Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (6)
-
Other trip (1)
- Expedition (1)
-
Ski trip (49)
- Backcountry skiing (12)
- Randonnée/Telemark (37)
- Trip by foot (87)
Skitur i sola
- Date:
- 13.01.2021
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 1:00h
- Distance:
- 6.5km
Ein fin tur i sola med babyen i meisen, ja heilt fram til barnehagen ringte- og deretter ei lettare hysterisk kone - og informerte om at jentungen hadde mageknip. Så var det beinflyging ned att til bilen med hunden i hælane. Ikkje ein tur utan litt dramatikk, nei.
Mot Tylderingen under stjernene
- Date:
- 11.01.2021
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Duration:
- 1:26h
Med gode 10 blå på gradestokken og nydelege snøforhold fekk vi ei magisk oppleving denne kvelden. Var nesten helligbrøde å gå med lykt under denne stjernehimmelen! Så fekk eg likevel svar på tiltale, då lykta mi kubba halvvegs i nedkøyringa. Skal vel ikkje klage. Hunden til Asle kubba halvvegs oppover. Dei stakkarane vende nasa/snuten ned att derfrå.
Årets første topptur
- Date:
- 10.01.2021
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Duration:
- 2:00h
- Distance:
- 7.0km
"Topptur" dagen før termin
- Date:
- 01.03.2020
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Duration:
- 1:45h
- Distance:
- 5.0km
Jada. Etter mykje sjukdom vart det dags for ein topptur med Håvard. Ettersom terminen var dagen etter, turde eg likevel ikkje dra han altfor langt denne dagen. Det vart ein liten tur frå riksvegen og opp forbi Kollsetestølen og ned att, berre for å prøve noko nytt. Ikkje heilt å anbefale, med mindre ein er glad i slakt terreng.
Og dagen etter? Jau då vart eg jammen far på ny!
Gjennom pudder på Togga!
- Date:
- 28.02.2020
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Duration:
- 2:15h
Topptur med kollegaer mot Togga. Eit stykke etter Orraleiken bles det opp noko kraftig, så vi dreit i toppen, og sette utanfor fjellet. Det var nok til å få ein herleg nedkøyring på austsida. Og Togga skuffa ikkje - pudder til halsen!
Diverre vart opplevinga litt øydelagt for Stian, som knakk eine skia nede ved vegen. Gudane veit korleis han fekk det til.
Rando frå Vardafjell
- Date:
- 19.01.2020
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Duration:
- 1:00h
- Distance:
- 4.5km
Ein kjapp tur på lånt tid med Tylderingen som mål stoppa ved Vardafjellet. Der var det slutt på god-snøen og tida. Så vart det i alle fall nokre fine svingar ned att til ei - framleis - blid og høggravid kone som venta heime med med unge og hund.
Topptur vart til nedtur
- Date:
- 15.12.2019
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Duration:
- 2:45h
- Distance:
- 7.0km
Årets første topptur mot Raunekletten via Kalbakk med tidsfrist på maks 4 timar. Tullete seier du? Det har du rett i.
Tanken var kanskje god. Kalbakk er sannsynlegvis den raskaste - og hardaste - vegen til Raunekletten på sommarstid. På vinterstid, derimot, er han kun den hardaste.
Det var mi avgjerd forresten. So var det sagt. Dette har tross alt Eirik kravd at kjem på trykk.
Uansett, vi kava oss oppover i tung snø heilt til klokka sa stopp. Då var vi i overkant av 50 høgdemeter unna Kalbakk. So nær, men likevel so fjern. So vart det litt køyring/ramling nedover i skjønn foreining med kvist og grein. Eirik gadd ikkje eingong å ta av seg fellene.
Ei erfaring rikare; aldri meir topptur via Kalbakk-stien.
Vangsen, siste topptur i år
- Date:
- 12.05.2019
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Duration:
- 3:30h
- Distance:
- 9.7km
Siste toppturen i år gjekk til Vangsen. Tross alt greitt å setje eit endeleg punktum for sesongen med ein skikkeleg tur.
Godaste Asle måtte lufte veslemann før avreise.
Vi kom oss ikkje heilt opp til dammen pga. snø i vegbana, så då vart det ein liten transportetappe opp til flata. Derfra gjekk vi over (snø)brua lenger framme og i traversar oppover fjellsida. Tempoet gjekk greitt på hard snø, noko vi særleg fekk kjenne på vegen ned igjen. Ein får fan ikkje i pose og sekk nei.
Toppen i sikte!
Det bles ganske friskt her oppe, så etter noko om og men bestemde vi oss for å gå på baksida av fjellet og ikkje oppover ryggen/eggen. Det gjorde vi lurt i for her var det praktisk talt vindstille.
Oss nydelege karar.
Køyringa tilbake til bilen kan vi ta i ein anna turrapport. Lat oss slå oss >>>
«Skøyting» til Høgehaug
- Date:
- 07.04.2019
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 1:00h
- Distance:
- 7.1km
Skøytinga til Høgehaug med hund i band var som ein blind mann med barnevogn i svartaste Oslo.
Snartur til Nonsholten
- Date:
- 16.03.2019
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Duration:
- 2:30h
- Distance:
- 8.0km
God snø men litt lumske forhold ned Nonsholten med flatt lys og skjulte steinar. Kjekt var det uansett!