Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Menes-traversen

Date:
07.07.2018
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
12:30h
Distance:
24.9km

Så var det 5-årsjubileum for karane på tur. Det heila starta, i kjend stil, med ein tragisk krangel om mat. Arnold lagde eit lurveleven utan sidestykke då han fekk vite at det kun var tørrfor av laks att til han. Det enda med at han gjekk svolten heile turen. Etter avgong med to bilar kl. 07.05 frå Balestrand, ein halvtime bak skjemaet, sette vi frå oss ein bil i Vetlefjorden og den andre bilen på Menes. Her var det ok med parkeringar begge stadar, men vi skulle sjølvsagt ha køyrd bilen i Vetlefjorden lenger opp skogsvegen mot fjellet. Det skulle vi angra seinare. Det var eg, tosken, som skal ta på meg skulda for det. Frå Menes følgde vi god sti oppover. Det var likevel klamt og varmt, til tross for at Arnold hadde bedyra at det maks ville verte ca. 8 grader på fjellet. Dette viste >>>

Map     1 comment

Fuglesteg, Fortun

Date:
24.06.2018
Characteristic:
Hillwalk

Tur til Fuglesteg i yrever med hannhund i banj`og unge i meis. Lett å finne parkeringsplass og finne fram. Ganske bratt oppover grusvegen, men ikkje verre enn at til og med personar med gåstol kan kome seg fram. Elles var det ein fin plass med glimrande utsikt og hyggeleg personale. Einaste som var skikkeleg drit var at vi hadde gløymd kaffien heime. Fuglesteg-kaffien smakte vatn. Hit vert det uansett fleire turar - MED kaffi.

Map    

Lemenjakt i Mefjellet

Date:
17.09.2017
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
6.2km

Etter gårsdagens fiasko var planane for sundagsturen jekka 3 hakk ned. Maks ei halv mil, og med ein estimert tidsbruk på 2-3 timar. Og denne gongen klarte vi målet! Da er det på sin plass å forfatte ein liten turrapport: Starten gjekk frå campingplassen ved Bygdin fjellhotell. For å parkere her må du betale 50 kroner til han Ole Thomas Grythe Nygard. Og etter biloppstillinga denne dagen å rekne, skal eg tru han godaste Gniar Nygard har til salt i maten. Frå parkeringa gjekk vi over grusvegen og inn på stien oppover i retning Heimre Fagerdalstjernet. Da vi var komne opp på det første platået, låg Synshorn aust for oss. Herfra gjekk vi mot venstre (det vert vest ja) og fortsette oppover ryggen mot Mefjellet. Da hadde vi gått i 1/2 time. Med skråsikker mine meinte likevel Arnold >>>

Map    

Knøletur i retning Tverrdalstind

Date:
27.08.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:00h
Distance:
12.0km

Av og til er det godt å vere på tur. Ja, berre på tur. Ingen topp, eller anna høgtliggande mål eller meining. Eg sette meg på sykkelen, med hunden i band, frå Selseng (parkeringsplassen), og sykla inn - og forbi - Anestølen, i det vi kan kalle ganske godt vèr. Håpet var å finne ein dugandes sykkel-sti (og nei, eg er ikkje spesielt kresen) oppover dalen mot Tverrdalsvotni. Det håpet gjekk ganske enkelt i dass. Eit stykke oppover sette eg den frå meg bak ein duganes stein og fortsette til fots. Etter kvart forsvant stien litt her og der, så eg gjekk over på andre sida av elva (aust-sida), da det såg ut til at det var betre sti der. Men det var det ikkje. Det var likevel ikkje spesielt krevjande å gå oppover dalen. Da eg kom opp til ca 1100 meter sette eg meg på ein stein - naut >>>

Map    

Molden, nok ein gong

Date:
29.07.2017
Characteristic:
Hillwalk

Familietur til Molden. Ikkje meir å seie om den saken.

Map    

Vetla Supphellenipa, Fjærland

Date:
08.07.2017
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
6.5km

Etter gårsdagens sjøslag, inkludert fleire glas brunt brennevin, var ikkje dagen komen for å ta 3 nye 2000m-toppar. Difor peika Vetla Supphellenipa seg ut som ein overkomeleg tur denne dagen (derpå). Vi satte bilen på parkeringsplassen ca. ved start (det kosta 40 kr per dag - kontant). Elles går det fin sti heilt fram til Tunga, der den deler seg (begge i retning Flatbrehytta). Her kryssa vi elva - retning aust - og følgde oppover dalen på baksida av fjelltoppen. Når vi kom nesten opp til enden delte stien seg igjen, ein i retning Flatbrehytta og den andre mot Vetla Supphellenipa. Herfrå hadde vi god utsikt til Flatbreen, som er eit ganske spektakulert skue. Det vart eit lite stykke over småknausar fram til toppen, der vi til slutt vart krona med flott utsikt over Fjærlandsfjorden.

Map    

Store Smørstabbtinden m. fl.

Date:
07.07.2017
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
14.6km

Så var det endeleg klart for den årlege fjellturhelga med Jon Kristian og Arve - etter ein pause på ca 2 års tid. Sjølv om vi kom oss noko seint i gong, blant anna som følgje av at Arve haldt 40km/t heile vegen over Sognefjellet, gjekk alt etter planen. Parkering ved Krossbu. Frå Krossbu følgde vi stien inn mot ryggen til Store Smørstabbtinden. Her haldt vi oss på fjellryggen til venstre for Leirvatnet. Deretter følgde vi høgre (vest) sida av fjellet. Det var stort sett sti utan problem. Utsikt til Store Smørstabbtinden. Stort sett greitt å gå over snøen. Frå toppen var det glimrande utsikt frå toppen til Kniven, Storebjørn med fleire. Vi kom og over ein sekk som nokon hadde lagt frå seg etter å ha gått vidare mot Kniven. Eg og Arve diskuterte kort om vi skulle flytte alt innhaldet >>>

Map    

Tunga, Fjærland

Date:
28.06.2017
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
3.1km
Map    

Skjervebottjernet

Date:
04.06.2017
Characteristic:
Trip by foot

Ja, så kom regnet da. Og kva fan skal ein finne på inne på ei hytte da, bortsett frå å spele gammal ludo og kaste nokre slitne terningar. Nei da vart det heller tur i øs-pøs. Fullt så ille var det vel ikkje sjøv om det regna, var våt snø og bekkar overalt. Målet vi sat ut var Sandhaugen, vest for Bitihorn men her var vannstanden i elva såpass høg at det ikkje var forsvarleg å dra kone, unge og ein liten hund over elva. Så difor gjekk vi heller fram til den litt lugubre bua framme ved Skjervebøttjernet der vi fann ein potetgullpose frå 2013 og hermetikkspagetthi frå Gud-veit-når. Og nei, vi åt det ikkje! Typisk skrekkfilmscenario-hytte var kona si meining. Jau, men den skjerma oss i alle fall frå dretveret. Heilt greitt!

Map    

Storehaug og Bondehaug

Date:
31.05.2017
Characteristic:
Trip by foot

Tja, kva skal ein seie om dette. Eit par attgrodde "toppar" med halvgod utsikt. Det var kan hende litt råflott å køyre forbi Molden nesten heilt fram på grusveg, men når ein har med unge og hund må det nesten vere lov (all den tid det er mogleg). Frå vegen var det ein kort tur på sti/traktorveg til Storehaug, men desto meir utilgjengeleg til den andre toppen. Det vart litt å gå etter GPS i kart og føle seg fram, og det gjekk heilt greitt. Måtte leite litt etter sjølve toppen Bondehaug, som låg litt utilgjengeleg til men her var det OK utsikt til Molden. Gjekk nesten rett ned att derfrå. Heilt grei tur samla sett.

Map