Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Deileg slush frå Blåfjellet

Date:
19.04.2020
Distance:
7.8km

Nydeleg dag på Blåfjellet med Håvard. Fin-fin slush heile vegen ned til Rindabotn.

Map    

"Topptur" dagen før termin

Date:
01.03.2020
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
1:45h
Distance:
5.0km

Jada. Etter mykje sjukdom vart det dags for ein topptur med Håvard. Ettersom terminen var dagen etter, turde eg likevel ikkje dra han altfor langt denne dagen. Det vart ein liten tur frå riksvegen og opp forbi Kollsetestølen og ned att, berre for å prøve noko nytt. Ikkje heilt å anbefale, med mindre ein er glad i slakt terreng. Og dagen etter? Jau då vart eg jammen far på ny!

Gjennom pudder på Togga!

Date:
28.02.2020
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
2:15h

Topptur med kollegaer mot Togga. Eit stykke etter Orraleiken bles det opp noko kraftig, så vi dreit i toppen, og sette utanfor fjellet. Det var nok til å få ein herleg nedkøyring på austsida. Og Togga skuffa ikkje - pudder til halsen! Diverre vart opplevinga litt øydelagt for Stian, som knakk eine skia nede ved vegen. Gudane veit korleis han fekk det til.

Map    

Rando frå Vardafjell

Date:
19.01.2020
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
1:00h
Distance:
4.5km

Ein kjapp tur på lånt tid med Tylderingen som mål stoppa ved Vardafjellet. Der var det slutt på god-snøen og tida. Så vart det i alle fall nokre fine svingar ned att til ei - framleis - blid og høggravid kone som venta heime med med unge og hund.

Map    

Årets første tur

Date:
01.01.2020
Distance:
4.6km

....gjekk/sprang kort fortalt opp til den populært kalla "Bøtta" i Balestrand i nydeleg sti-terreng frå huset til foreldra. Lite å skryte av, men likevel nok til å føre i boki.

Map    

Topptur vart til nedtur

Date:
15.12.2019
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
2:45h
Distance:
7.0km

Årets første topptur mot Raunekletten via Kalbakk med tidsfrist på maks 4 timar. Tullete seier du? Det har du rett i. Tanken var kanskje god. Kalbakk er sannsynlegvis den raskaste - og hardaste - vegen til Raunekletten på sommarstid. På vinterstid, derimot, er han kun den hardaste. Det var mi avgjerd forresten. So var det sagt. Dette har tross alt Eirik kravd at kjem på trykk. Uansett, vi kava oss oppover i tung snø heilt til klokka sa stopp. Då var vi i overkant av 50 høgdemeter unna Kalbakk. So nær, men likevel so fjern. So vart det litt køyring/ramling nedover i skjønn foreining med kvist og grein. Eirik gadd ikkje eingong å ta av seg fellene. Ei erfaring rikare; aldri meir topptur via Kalbakk-stien.

Map    

Bruhjellstølen

Date:
01.12.2019
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:30h
Distance:
5.5km
Map    

Hølsete

Date:
12.10.2019
Characteristic:
Hike
Distance:
5.0km

Kjappis til Hølsete med hunden. Bilen ved Åberge. Trolsk hauststemning ved stølen.

Map    

Sundagstur til Kalbakk

Date:
06.10.2019
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
6.0km

Rask tur med hund og broremann til Kalbakk-stølen i jævleg bra ver. Jammen er vi heldige som har bein å gå på i detta landet!

Map    

Mugnetinden - endeleg!

Date:
04.10.2019
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
10.7km

Den årlege kara-turen med Jon K. og Arve måtte naturlegvis falle på same helga som mormor sin 90-årsdag. Det betydde at eg kun fekk 1 tur med gutan`denne gongen, på fredagen. Vi hadde fundert litt på om vi skulle prøve oss på Høgdebrotet, men slo det fort frå oss då vi såg kva tilstand fjellet var i. Så då vart det Mugnetinden i staden - det fjerde forsøket for min del på denne toppen. Klår til avreise. Så bar det oppover på snødekt mark/sti. Det var jammen godt eg hadde med gamasjar. Toppen nådd, og alle er nøgde. Klårt og fint lyst på toppen, sjølv om det var lite utsikt å sjå mellom skodda. Eit sjeldent augeblunk der Arve faktisk erkjenner å ha teke feil i ein diskusjon på veg nedover. Synd eg ikkje hugsar kva det gjaldt. vegen ned att.

Map