Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Rallarvegen ned

Date:
09.06.2016
Characteristic:
Bike trip - mixed

Vatnahalsen ned på sykkel er ein (kollega)tur som er verdt å føre i boki, til tross for at det ikkje er mange høgdemeter å skryte av. Syklar leigde vi i Flåm før vi kasta oss på toget oppover dalen. Ved Vatnhalsen fjellhotell var det rett ned att. Mykje moro og stor ståheim!

Map    

Hesteggi, Sogndal

Date:
05.06.2016
Duration:
2:00h

Fin tur til Hesteggi med hund og tre kameratar. Den eine var fyllesjuk og heldt så vidt med i svingane. Men vi kom oss opp på ca. eit part timar t/r. Enkelt tur på god sti. Noko bratt det aller siste stykket. Panoramautsikt på toppen.

Map    

Blåfjellet, Sogndal

Date:
08.05.2016
Characteristic:
Randonnée/Telemark

Topptur i flott vêr. Gjekk frå Rindabotn. Langt og tungt pga. våt snø. Sugent føre ned

Map    

Hyttefyll krydra med fjelltopp

Date:
23.04.2016
Characteristic:
Expedition

Så var det endeleg duka for eit durabeleg sjøslag med hytteeigaren Daniel, Joakim og Bjørn Kato. Sistnemnde hadde ikkje humør eller form til å gå på tur dagen etter (det første) slaget, så han vart att på hytta. Oss resten labba i veg, primært med mål om å få noko frisk luft, og endte utruleg nok opp på ein forblåst fjelltopp. Gudane veit korleis vi eigentleg klarte det.

Map    

Kjeringifjell, Leikanger (topptur)

Date:
16.04.2016
Characteristic:
Randonnée/Telemark

Årets Kjeringi Open gjekk ganske halvegs, med pinnestive bein etter første alpint-etappen. Einaste eg var nokonlunde fornøgd med var veret. Jaja, prøvar igjen neste år.

Map    

Skriki på ski

Date:
26.02.2016
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
3:00h

Eit skikkeleg pudder-tur med Jomar og Vidar til Vesle-skriki i Øvestedalen er ikkje å forakte. Utrulege bra forhold.

Map    

Raudmelen, Balestrand (topptur)

Date:
13.02.2016
Characteristic:
Randonnée/Telemark

Start frå Kreklingen og tok på skia etter Kluksegg. Laussnø og kongeføre ned frå Raudmelen.

Map    

Stedjeåsen, Sogndal

Date:
13.01.2016
Map    

Rask tur til Kalbakk i Balestrand

Date:
17.10.2015

I nydelege fargar. Jajjamen.

Map    

Nessane - Esedalen, Balestrand

Date:
12.09.2015

Ein skikkeleg langtur over fjellet utanom stiar, ca. 8 t. Køyrde inn i Nessadalen og gjekk rett opp nordvest. Gjekk deretter over Nordalsnipa. Vi valde å gå ned frå nordlege sida og måtte klyve ein del. Vi fann etterpå ut at dette var det brattaste, så nedfart frå den sørlege sida er å anbefale. Vidare gjekk turen nord for, og ned frå, Geitabotneggi mot Sauadalsvatnet. Dette gjekk rimeleg greitt, men passeringa av vatnet på sørsida er noko krevjande, da ein må gå på snø i bratt terreng. Vi kom så opp på plateået der vi såg ned i Esedalen - og planen var å følgje ein sti nedover her langs ei elv. Her var det ingen sti! Vi leitte lengje og kom ut på ryggen på Geithalsnipa. Her er det mykje vegetasjon og vanskeleg å sjå, så det er best å vere varsam. Til slutt bestemte >>>

Map     1 comment