Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (6)
-
Other trip (1)
- Expedition (1)
-
Ski trip (49)
- Backcountry skiing (12)
- Randonnée/Telemark (37)
- Trip by foot (87)
Jeiskedalen nok ein gong!
- Date:
- 28.04.2019
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 3:00h
- Distance:
- 5.4km
Jentungen gjekk som fan! Imponerande faktisk. Heilt til ho datt, då var det rett i meisen.
Jeiskedalen, retning Hesteggi
- Date:
- 23.04.2019
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 1:00h
- Distance:
- 3.9km
I underkant av 400 høgdemeter er vel i grensa av kva ein kalle ein topptur. Men skit, lat gå.
Amlaholten
- Date:
- 22.04.2019
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 1:45h
- Distance:
- 5.3km
Amlaholten, første gong i år. Kona vart dritredd då vi fekk beskjed frå ein annan turgåar om at han hadde sett hoggorm, og ho turde knapt flytte beina på vegen opp mot toppen. Men trur du vi såg hoggorm? Nei!
Bruhjellstølen
- Date:
- 13.04.2019
- Characteristic:
- Trip by foot
- Duration:
- 1:30h
- Distance:
- 5.0km
«Skøyting» til Høgehaug
- Date:
- 07.04.2019
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 1:00h
- Distance:
- 7.1km
Skøytinga til Høgehaug med hund i band var som ein blind mann med barnevogn i svartaste Oslo.
Snartur til Nonsholten
- Date:
- 16.03.2019
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Duration:
- 2:30h
- Distance:
- 8.0km
God snø men litt lumske forhold ned Nonsholten med flatt lys og skjulte steinar. Kjekt var det uansett!
Anestølen og nesten Svartholten
- Date:
- 21.02.2019
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Duration:
- 4:30h
- Distance:
- 14.0km
Kva søren er dette tenkjer du vel? Joda. Svært halvvegs dette. Vi var fire som satte av garde frå parkeringa på Selseng med Lammanipa som målet. Men då det rasa rundt oss på alle kantar (og då meiner eg ALLE), så bestemte vi oss for å snu ved foten av Barnekona. Snu? Snu ja, ikkje såg vi ein drit heller i den tjukke skodda. Kan hende sparte vi livet denne dagen. Det er tross alt betre å vere pingle enn dau, vil nokon meine. Overdramatisering? Kanskje. Men med hendingane frå sist helg friskt i minne, trur eg dette var riktig val.
Når vi kom tilbake til parkeringsplassen takka to for seg. Eg og Hallgeir tok turen vidare mot Svartholten og køyrde ned frå ca 900 m. OK snø, men noko vått og sleipt. Så var det rett heim og hente i barnehagen.
Riper og skred
- Date:
- 08.02.2019
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Distance:
- 8.8km
Eg og brodaren til Raudmelen. Planen var å revansjere den aller første toppturen til same toppen på tidleg 2000-talet, der eg gjekk på nokre pistrete carvingski med rottefella-bindingar og Eirik iført LANGRENNsutstyr. Det var boksaveleg talt ein nedtur i vid forstand. Slik sett var sjansen for suksess svært stor denne dagen - tenkte vi.
Men Raudmelen kan vere ein tøffing.
Starten var god. Etter å ha hogge innpå ein vaksen egg og bacon-frukost, la vi i veg med godt pågangsmot under blå himmel.
Då vi starta frå barndomsheimen i Brattland valde vi ikkje den tradisjonelle ruta frå Kreklingen. Vi gjekk opp forbi Sandefeltet og hamna ganske raskt inn på ein traktorveg som tok oss langt oppover i retning Fjærestadstølen. Vegen følgde vi heilt opp - og litt forbi - første haldepunkt >>>
I pudder og kvist frå Nonsholten
- Date:
- 03.02.2019
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Duration:
- 3:00h
- Distance:
- 9.4km
Det var duka for ein klassisk Rindabotn til Nonsholten-tur denne sundagen. Ettersom Tylderingen gjekk i dass for Håvard førre helg, var han lysten på revansj. To vart fort til fire, og snart til fem. Sistemann slengde seg med frå toppen av skiheisen.
So bar det innover forbi Kambafjellet med retning holten. Jammen vart vi kruna med ein god porsjon solskin og. Var nesten som ein kunne ha drege fram påske-quizen.
Det vart etterkvart ein del prat om retningsvalg og nedkøyringar. Merkeleg kor skråsikker ein er i starten, når ein står og tek heile fjellsida i augesyn. Men so snart ein er på toppen - vips - vert det ein anna deal. Uansett fant vi ei bra nedkøyring frå 1387 ned Grånipa-traseen (yepp, vi nøyde oss ikkje med Nonsholten). Det var her godsnøen hadde gøymd seg dei siste dagana >>>
Topptur mot Tylderingen
- Date:
- 27.01.2019
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Duration:
- 1:30h
- Distance:
- 5.5km
Ein kort tur mot Tylderingen med Asle. Som vanleg bles det kattungar (i mangel av betre uttrykk) ved skoggrensa og der var det - sjølvsagt - berre frosen fokksnø. Så då dreit vi i resten og leika oss ned att.
Good shit!