Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (6)
-
Other trip (1)
- Expedition (1)
-
Ski trip (49)
- Backcountry skiing (12)
- Randonnée/Telemark (37)
- Trip by foot (87)
Tulletur mot Togga
- Date:
- 23.09.2018
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:00h
- Distance:
- 3.0km
Kona ville vere heime medan eg, jenta og hunden ville ut. Då vart det Togga med større ambisjonar enn kreftene og tålmoda tilsa. Eit stykke oppover i sørgde eg for at jenta fant ein liten skatt, noko som betra humøret to hakk.
Etter dette bar det nedover att, nesten heile vegen til bilen, inntil eg fant ut at regnjakka til jentungen hadde forsvunne frå sekken. At den låg att der vi gjekk ned att fekk eg stadfesta når eg var komen opp att, med jentungen på ryggen og 187 i puls. Så bar det ned igjen til bilen for andre gong.
Så joda, det vart no ei treningsøkt av dette og.
Nuken
- Date:
- 09.09.2018
- Distance:
- 5.7km
Fin tur til (Duke) Nuke(m) - høhø! Og tida flyg når ein diskuterar 90-talsmusikk og metal med brodaren på veg opp.
Ein liten trasketur mot Gjendehøy
- Date:
- 02.09.2018
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:00h
- Distance:
- 4.0km
Jada, Beitostølen igjen. Tredje forsøket, etter at to tidlegare hytteturar vart kansellert som følgje av sjukdom og arbeid.
Denne gongen fekk det vere nok. Turplanlegging viste seg derimot å vere litt daufødt, all den tid eg vart forkjøla første dagen, og det verken var "fugl eller fisk" i fjellet. Men tur vart det uansett.
Trasking - og frysing - i friskt ruskever er likevel sjelden ei god oppskrift på rask friskmelding. Men kva skal ein liksom ta seg til på ei hytte? Sjå i veggen eller på Dr. Phil? Nei, takke meg til. Sjølv om vi ikkje fekk til ein skikkeleg topptur, vart det litt trasking mot Gjendehøy i snø- og vindkav. Jaja. Vi fekk no sett ein reinsdyrsflokk til glede for jentungen, om ikkje anna. Ikkje dårleg det, når resten er passe drit.
Halvgod stemning..
Romhesten
- Date:
- 24.08.2018
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 7:30h
- Distance:
- 12.8km
Så var turen komen til Romhesten, saman med Imperialblade (eller Stian som han som kjend heiter). Vi fekk skyss med båt frå Jordal, og sette avgarde i frå Lidal til fots.
Eit lite stykke oppover skogen kom vi over eit lam som sat fast i eit gamalt gjerde. Følte meg skikkeleg Lars Monsen då eg fiska opp Leatherman-en og skar laus dyret. Dagens god gjerning.
Vidare følgde vi linjetraseen oppover til vi traff på den kryssande stien.
Turen gjekk i relativt slakt terreng oppover ryggen, slik at det aldri vart eit skikkeleg slit. God utsikt var det og, på ein elles frisk dag. Trolsk stemning.
Litt småklyving enkelte stadar på siste vegen oppover til toppen. Men det var vel meir for bileta si skuld enn for nødvendigheita. her kunne vi nok gått rundt.
Toppen like forut!
Stian ser på widerøe-flyet >>>
Sundagstrask til Ølnesstølen
- Date:
- 19.08.2018
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 4.3km
Enda ein liten familitur - denne gongen til Ølnesstølen. Vi sette bilen frå oss på parkeringa nedanfor garden England, og gjekk på grusveg opp til stølen. Frilufts-ambisjonane var no jenka ytterlegare eit hakk opp, då planen var å koke kaffi OG steike pannekaker på toppen. Eg hadde hugsa alt av utstyr utanom gassen sjølvsagt. Den låg att heime. Bålbrenningforbodet varte og rakk visst til halvegs ut i september, så da gjekk heile friluftsplanen rett vest.
På veg ned vart vi halvvegs jaga av ein pestinfisert sau som var gal nok til å byksa over fegrinda. Snusen og eg jagde tosken vidare til skogs.
So gjekk vi heim og kokte kaffi og steikte pannekaker - på trammen utanfor huset. Minus-poeng på frilufts-scoren.
Familietur til Skriksvatnet
- Date:
- 12.08.2018
- Characteristic:
- Hillwalk
Kjekk liten tur til Skriksvatnet frå parkeringsplassen på fin sti, og fyrste gongen vi skulle koke kaffi med den nye gass-primusen (raudsprit gav eg opp etter at eg miste halve tilbehøret på tur over Meneseggi).
Eg hadde sjølvsagt gløymd skåla til primusen, så eg måtte støtte opp kaffikanna med ein pinne som sjølvsagt fell ned og eg måtte starte oppkoket på ny. Det var vel det einaste spanande som skjedde denne turen. Men koseleg var det likevel, sjølv om kaffien smakte dritvatn.
Edelweiss, Zermatt
- Date:
- 28.07.2018
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:42h
- Distance:
- 5.8km
Siste turen gjekk til eit lite vertshus på ein utbygd knaus 200-300 meter over Zermatt. Stien svingde seg i traversar opp gjennom fjellet, og ein skulle aldri tru at nokon kunne funne på å bygd sti her. Kva i pokker liksom? Men, joda, desse sveitserane skal visstnok opp kvar som helst. Og på toppen kunne ein kjøpe øl, sjølvsagt.
På veg ned kom tordvèret over oss. Vi har vel skjeldan beinflygd so fort nedover bakkane. Søkte ly i ei lita rønne av eit stabbur og åt lunsj. Kos med litt regn etter all sol og varmen. Kona var ueinig i det.
Riffelalp/Riffelberg, Zermatt
- Date:
- 27.07.2018
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 5:15h
- Distance:
- 12.0km
Ein nydeleg fjelltur i flott vèr. Vi tok Gorgoroth-bana (noko i den duren i alle fall) frå sentrum av Zermatt til Riffelalp. Defrå følgde vi god sti til Riffelberg i nokså sinnsjuke omgjevnader.
På toppen vart det is og kaffi og kake. Og so var det rett ned att til Zermatt - og basseng og øl. Livet er digg.
Fjelltur frå Schwartzee, Zermatt
- Date:
- 25.07.2018
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 4:00h
- Distance:
- 13.0km
Ein nydeleg tur frå Schwartzee og ned att til Zermatt. Litt surmuling på toppen då kona ikkje var nøgd med bileta eg tok av ho og jentungen, og så vart det litt surmuling om fylling av vatn på toppen. Men kven bryr seg. Fjellet ordnar opp og det var ein fin tur ned att, bortsett frå at den helsikes minimeisen er noko forbanna bos av ei anna verd.
Fjelltur frå Sunnegga, Zermatt
- Date:
- 24.07.2018
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 4:06h
- Distance:
- 11.0km