Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (6)
-
Other trip (1)
- Expedition (1)
-
Ski trip (49)
- Backcountry skiing (12)
- Randonnée/Telemark (37)
- Trip by foot (87)
Familietur til Store Skoddebotntinden
- Date:
- 27.08.2016
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 4:00h
Mykje er sagt og skrive om den fantastiske utsikta på Store Soleibotntinden. Eg hadde difor sett fram til denne turen lengje.
Eg, far (Arnold) og bror (Eirik) sette av garde frå parkeringsplassen og gjekk beine vegen over Bukkanosi og vidare oppover. Stien kom og forsvant litt i steinrøysa, men så lengje ein følgde ryggen gjekk det utan problem.
Likevel var det ein god del våte og sleipe steinar, og hunden måtte difor berast eit stykke. For å seie det slik: dette var ikkje noko særleg til tur for ein liten hund.
Etter ein del strev kom vi opp på toppen og vart krona med NULL utsikt i tåkehavet.
Takk fan for kvikklunsj!
Rask kveldstur med litt action
- Date:
- 25.08.2016
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 1:45h
Rask kveldstur til Søre Gråbrørne. Følgde traktorvegen eit stykke oppover og over ei lita bru. Like etter må ein ta til høgre og innover ein meir attgrodd veg, forbi eit lite stølshus. Elles var det fin, merka sti resten av vegen. Sprang ned att ein litt anna veg - stor sett på traktoveg. Der heldt vi på å springe på ei tiur som flaska rett forbi oss, og som hunden deretter jaga inn i skogen. Fakerten til stort dyr!
Rundtur til Nuken
- Date:
- 17.08.2016
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:00h
Fin kveldstur til Nuken med hund og Asle Kvam. Flott vèr, men vått overalt.
Ein rundtur på villspor
- Date:
- 14.08.2016
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:00h
Målet var å ta ein rask tur til Lingesetfjellet. Skodde eller ei, dette var ein topp eg ikkje hadde vore på før.
Parkerte på utsida av flyplassen. Her er det tillaga parkeringsplass for turgåarar. Følgde derfrå ein grusveg eit godt stykke innover. Her er det supert å sykle, for dei som føretrekk det! Eg jogga og gjekk med hunden. Det var ikkje skilta (eg såg i alle fall ingenting), men det er av og til merker i raudt. Eg kom etterkvart til eit kryss, der eg tok til venstre - bortover, ikkje oppover. Etter ca. 40 min, tok eg av frå grusvegen, da eg trudde det var ein sti der. Men dette var tydelegvis ikkje noko anna enn merker i terrenget, sikkert som følgje av arbeidet med oppsetjing av høgspentmastene.
Eg gjekk så opp på ein liten høgde og såg da ein merka sti lenger nede i >>>
Slakkafjellet - tur med sykkel, snarare enn "sykkeltur"
- Date:
- 07.08.2016
- Characteristic:
- Bike trip - off-road
- Duration:
- 2:00h
No er ikkje akkurat eg ein toppidrettsutøvar, men om du ikkje heiter Gunn Rita Dale så er vel ikkje akkurat dette sykkelturen eg vil anbefale. I alle fall ikkje på ein slik våt dag. Sykkelen var med meg opp til toppen ja, men eg sat ikkje akkurat på han på veg opp.
Eg parkerte på motsett side vegen frå der grusvegen mot Slakkafjellet startar. Sykla oppover grusvegen til skiltet mot Slakkafjellet, og prøvde meg vidare litt oppover på stien.
Eg gjekk fort over til å trilla sykkelen framføre meg.
Stien kryssa grusvegen to gongar, og eg angra difor på at eg ikkje følgde grusvegen lengre. Det vart etterkvart brattare, smalare, meir attgrodd og ikkje minst gjørmete. Ikkje akkurat tipp-topp sykkelforhold i bratt oppoverbakke - med ein vilter hund i band.
Greitt nok. Nådde til slutt ein >>>
Amlaholten - fin, liten rundtur
- Date:
- 05.08.2016
- Duration:
- 1:00h
Dette er ein flott rundtur!
Starta med lett jogging til eg måtte gje tapt, og det same måtte hunden. Det var rimeleg bratt på slutten opp mot toppen. Følgde stien vidare ned att og kom ned på vegen. Tipset er at ein da må gå til venstre, og ikkje høgre. Det tok littegrann ekstra tid å finne ut kvar bilen var parkert, for å seie det slik.
Tylderingen - barsk kveldstur
- Date:
- 03.08.2016
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:00h
Sjølv om turen opp til Tylderingen kun tek ein god time opp frå vegen, kjenner du det godt i beina etter ein lang arbeidsdag og med ein solid middag i magen. Denne kvelden kjentes difor den svingete stien oppover som lang - og jækla tung!
Etter at denne første traverseringa var tilbakelagt kom eg opp til ein støl, der det flata ut meir. Eg skråa her slakare oppover, og tok snart til venstre opp mot det øvste fjellplatået (rett sørover). Deler av stien var rimeleg våt her, så eg vart fort våt på beina. Kjekt!
Vidare følgde eg ryggen - og stien - opp til toppvarden. Det var mykje fin utsikt innover Sogndalsdalen. Flott utsiktstopp, men mykje vind. Hunden likte ikkje all vinden. Can`t blame him:-)
Keipen, Balestrand - gjørme og skodde
- Date:
- 29.07.2016
- Duration:
- 6:00h
Målet var å gå til Keipen for å studere Geitaryggen, da vi lengje har fundert å gå heile ryggen frå Tjugatoten til Keipen. Heldigvis såg det ut til at skodda forsvant på veg oppover, så dette såg bra ut.
Det er god sti frå parkeringsplassen og vidare oppover. Vi måtte krysse ei elv, utan bru. Bør nok ta av seg på føtene her. Hoppet mitt med hunden i fanget til ein sleip stein midt i elva var ikkje akkurat "innanfor". Men det gjekk greitt. Vidare oppover var det fortsatt sti, men mykje gjørme og overgrodd. Hunden rota seg godt vekk i nokre bregner på veg oppover den smale stien. Mykje skliing og anna fjas.
Vi ralla litt om å gå oppover Bjørnabreen på høgre sida av elva (stien gjekk på venstre sida), men vi var rimeleg glade i ettertid for at vi valde bort det. >>>
Torstadnakken - langt og til tider surt!
- Date:
- 26.07.2016
- Duration:
- 5:00h
Dagstur med hund i relativt dårleg vêr. God sti til Grøssete, deretter må ein finne vegen sjølv.
Vidare er det ikkje sti eller særleg med merking. Eg nytta kart og kompass til tider, når skylaget var lågt. Det er faktisk greitt å ha med seg, da det til tider var litt utfordrande å orientera seg.
Når ein - til slutt - kjem opp til snaufjellet visar vardar veg. Det val vel 4 store vardar, der den siste var toppen (men er likevel ikkje toppunktet).
Alt i alt føltest det rimeleg langt og turen tok ca. 5 timar inkl. pausar. Går raskt ned att, særleg dersom ein spring på snøen.
Skeisnipa og Fremste Skeisnipa - bratt klyving i høgt gras!
- Date:
- 21.07.2016
- Duration:
- 8:00h
Parkerte i krysset til riksvegen, like under Skeisnipa. Det er merka veg opp til ca. første avsats og litt forbi. Går likevel tydeleg sti ca. heile vegen til toppen, men mykje attgrodd, så ein må leite litt. Svært bratt til tider, og det tek ein del krefter. Det er heller ikkje vatn å finne på vegen opp.
Frå Skeisnipa til Fremste Skeisnipa er det og ganske bratt, men det går lettare enn det ser ut til nedanfrå. Deretter gjekk vi rett ned til stien til Flatbrehytta. Lett å skli på snøen, men ein del ulendt terreng. Resten går på grusveg inn att til bilen.
Turen tok ca. 8 t.