Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (6)
-
Other trip (1)
- Expedition (1)
-
Ski trip (49)
- Backcountry skiing (12)
- Randonnée/Telemark (37)
- Trip by foot (87)
Forsøk på Steindalsnosi
- Date:
- 28.05.2017
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Distance:
- 5.0km
Ingen bestigningar denne gongen, da vi måtte snu pga dritver i anmarsj. Betre lukke neste gong.
Kjørkhovden
- Date:
- 27.05.2017
- Distance:
- 9.0km
Enda ein sekundærtopp som skulle nåast. Gjekk i dritvarmt vêr opp til Ljøtaholet ca, passerte elva og deretter var det beine vegen opp til det som skilte seg ut som det høgaste toppunktet. Nesten null utsikt på toppen (sjå bilete). Deretter var det sørover og ned på stien mot Åberge att. Halvkjekk tur
Stedjeåsen
- Date:
- 26.05.2017
Stedjeåsen er gått mange gonger før. Men aldri med 13 kg på ryggen. Så svett vart eg.
Skriki frå Øvstedalen
- Date:
- 11.03.2017
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Duration:
- 3:30h
Good tur dette. Snøen var rass på veg opp, men jammen vart det varmare slik at skaren forsvant og det var så godt som pudder på veg ned att.
Søndagstur på utkikk etter skitrasé
- Date:
- 23.10.2016
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:00h
Helg til Balestrand betyr tur i fjellet. Sidan eg har vore på Bruhjellstølen 100 gongar før (som for øvrigt har brunne ned til grunnen etter eit lynnedslag), sette eg meg no eit mål om å stake ut ein dugeleg toppturtrasé for skikøyring. Frå stølen gjekk eg vidare til Raunekletten og tok turen nedover sørsida til Kisane (i staden for å gå over og kome ned til Kalbakk).
Her er det bart og bratt nok. Steinbra terreng for skikøyring! Frå Kisane er det berre å køyre heilt ned til Skåsheimelva og krysse den. Da kjem du rett inn på stien og kan praktisk talt køyre på ski til botn.
Gler meg til vintaren!
Skreik meg til topps
- Date:
- 16.10.2016
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 3:45h
Nuvel. Akkurat SÅ ille var det ikkje, sjølv om det likevel var ein vaksen tur på over 1100 høgdemeter i det forblåste haustfjellet.
Første utfordring var å parkere så høgt eg kunne oppmed stien. Det er sjølvsagt ei parkering like over ungdomshuset ved riksvegen, men da tek det lang tid før du kjem til døra - for å seie det slik. Eg fann heldigvis ein plass på nedsida av fotballbana vel 60 høgdemeter lenger oppe. Det får vere måte på kor mange høgdemeter ein skal gå på ein dag!
Elles følgde eg vegen mot høgre fram mot stien (i retning Sogndal). Ein solid mengde bilvrak og ein mannevond hund viser vegen her.
Stien travereserer oppover mot Klanten (kvifor ikkje Kanten?!), og vidare til stølen Breisete.
Herfra ser du rett opp mot Skriki, som er toppunktet på den lange ryggen >>>
Fyllesjuk i fjellet
- Date:
- 02.10.2016
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 2:00h
Etter feiringa av Sogndal sitt uavgjort mot Brann på laurdagen var ikkje fysisk fostring det første eg tenkte på når eg rulla ut av senga på sundag. Men etter ein dusj og ein god kopp kaffi steig sjølbiletet ti hakk. Kanskje Frudalshesten kunne nåast i dag?
Men nei, etter 1 t vandring innover Frudalen sank ambisjonsnivået vesentleg. I Frudalsbotn var det punktum finale. Så var det rett heim att til sofaen.
Skal aldri drikka øl igjen!
Drit som endte bra
- Date:
- 25.09.2016
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:00h
Med sjøslaget frå fredagskvelden enno sitjande i kroppen, var det ikkje akkurat duka for ein kjempetur. Planen var eigentleg Skriki, men pga. noko familiegreier kom eg meg ikkje avgarde før kl 14. Og når Sogndal-kampen starta kl. 15.30 kunne eg berre drite i Skriki denne dagen. Kanskje like greitt..
Hunden var, i motsetning til meg sjølv, full av energi og dro konstant i bandet frå vi gjekk. Eg skal innrømme at det kom nokre heftige glosar i det første stykket oppover dalen. Men vel, så skjer det som det skjer på fjelltur. Ting vert lettare, og utsikten vert betre. Så humøret steig etterkvart i takt med høgdemetrane.
Elles var det ein greit tur på merka sti. Gjekk opp ryggen mot Helleberget og straks var eg på toppen. Strålande utsikt i alle retningar!
På veg ned kom vi over eit >>>
Sundagstur - frå råte til konge
- Date:
- 18.09.2016
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:00h
Fjellet er til tider bedragersk, men jammen går det andre vegen og. Vi kom oss seint avgarde frå hytta på Beitostølen, i all vissheit om den kjekke utvasken som venta oss når vi kom tilbake.
Det var så vidt eg ikkje snudde da vi hadde kjørt opp til parkeringa på Slettafjellet. Tåka låg da tung rundt oss, og det var nesten ingenting å sjå. Men, vi fekk vel rusle litt oppover mot Mugnetinden berre for å suge inn det siste av fjellrest denne sundagen. Og det skulle vi vere glade for.
I løpet av den neste timen vart det lettare, og da vi var kome nesten opp til Mugebottjernet - til ein mellombels topp på 1346m - var det utsikt på alle kantar. Nok ein gong ein nydeleg dag - sjølv om jentungen var sint som ein tyrk. Men noko må ein jo tåle.