Nok ein tur til Amlaholten (04.11.2018)


Characteristic Hillwalk
Duration 1h 30min
Distance 5.0km
Vertical meters 247m
Map
Ascents Amleholten (508m) 04.11.2018
Visits of other PBEs Amlaholten parkering (238m) 04.11.2018

Usle 247 høgdemeter. Og her har eg vore mang ein gong før, sist helg faktisk.

Er dette berre eit desperat forsøk på å slå rekorden på antal turar i fjor, kan nokon spørje. Tja. Men kven er det som spør eigentleg? Er det verkeleg nokon som les denne turbloggen - ja kanskje bortsett frå Vegard, ein kollega med litt for mykje fritid.

Svaret er enkelt. Ingen bryr seg om eg prikkar inn 10, 20 eller 30 turar til Amlaholten. Han er uansett fin. Og eg får med familien. Det får vere grunn nok. At eg i tillegg nærmar meg den personlege rekorden er kun eit pluss i boka. Et svært stort pluss sjølvsagt.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.