Ein kjapp tur til Finnsåsen, Årdalstangen (13.10.2018)  4


Characteristic Hillwalk
Duration 1h 30min
Distance 7.0km
Vertical meters 558m
Map
Visits of other PBEs Finnsåsen (490m) 13.10.2018

Ein lett do-tur med hunden vart til ein fjelltur til Finnsåsen. Det er tross alt ikkje alt for mykje å finne på hjå mormora på tangen.

Eg følgde stien frå Tippen i bratt, sideskrått terreng langs åsen. Noko sleipt og glatt enkelte stadar, så lette joggesko utan demping var ikkje det beste valet (men dei var jo i utgangspunkmtet meint til ein heilt anna tur). Opp kom vi likevel, og vart belønna med fin utsikt ut over fjorden frå toppen!

Returen tilbake til mormora vart spedd på med litt vandring i Årdalsgatene.

Han godaste Olav har nok ikkje høyr om Metoo. Og godt er det..
Han godaste Olav har nok ikkje høyr om Metoo. Og godt er det..
Finnsåsen frå Cuba (idrettsarenaen altså)
Finnsåsen frå Cuba (idrettsarenaen altså)

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.